annonse

Per Konrad vart Spåmann 2017

VINNAR
VINNAR: Per Konrad Tennebekk, vinnar av Årets Spåmann 2017. (Foto: Rolf Tepstad)

Rolf Tepstad

Per Konrad Tennebekk klarte rett svar på 25 av dei 30 spørsmåla Hordaland stilte om 2017 for eitt år sidan.

Dermed vart han klar vinnar av den årvisse tevlinga her i bladet, der hans næraste utfordrarar enda på 24 rette.

Per Konrad Tennebekk er til dagleg anleggsleiar hjå Jordalen Entreprenør AS.

– Grundig drøfting

– Eg lyt nok dela æra med kona mi, Eli Helene, seier Tennebekk når me møter han til ein vinnarprat i Voss Bokhandel. For – som alltid – er det bøker for 1000 kroner som er premie for bragda.

– Eg hugsar at me sat i stova heime og drøfta spørsmål for spørsmål over ein kopp kaffi før me teikna ned svara. Og det er nok konemor som har sendt inn til avisa, eg ser det er hennar handskrift, humrar Tennebekk når han studerer vinnarkupongen.

Ekteparet Tennebekk bomma altså på fem av spørsmåla. Etter dårleg vinterstart i fjor trudde dei ikkje at Voss Resort ville klara å opna anlegget sitt før jol i fjor, dei trudde det ville koma endå ein restaurant på Vangen, og at kommunestyret ville gå for flaumsikring kombinert med kraftverk i Raundalen. Til dømes.

– For på nyåret i fjor verka det nokså avgjort at kraftverk var med i planane, ikkje minst når ordføraren uttala seg, minnest Tennebekk.

25 rette svar

Men på 25 av spørsmåla vart det altså rett svar for ekteparet Tennebekk, etter grundig drøfting over kaffikoppen i stova heime i Haugamoen. Når bokpremien skal hentast ut, skjer også dét i samråd med kona, får Hordaland vita.

– Eg les ikkje så veldig mykje sjølv, men ho er svært glad i å lesa. Både krim og heilt andre ting. Trur difor eg plukkar denne til henne, seier Tennebekk, og hentar opp Jørn Lier Horst si siste: «Katharinakoden». Og at lesespekteret er vidt, viser seg då neste bok vert valt ut: «Gamalt frå Voss».

– Men her ligg ei kjekk bok som eg sjølv vil kunna ha stor glede av, seier han, og plukkar opp boka «Foto i hundre», som vart laga med bakgrunn i Braaten (Skredegård) sitt fotoarkiv. – Mange kjekke bilete frå ting eg sjølv har opplevd!

– Hordaland er rett om hjørnet med den nye tevlinga: Kva skjer i 2018? Kan me venta oss ny kopong frå dykk denne gongen òg?

– Heilt sikkert. Me brukar å senda inn kvart år, og kjem heilt sikkert til å gjera i år med. Så får me sjå korleis det går denne gongen? Seier Per K. Tennebekk, som han normalt skriv namnet sitt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.