annonse

Person ringde inn bombetrugsel mot Flåmsbana

BOMBETRUGSEL
BOMBETRUGSEL: Før klokka 9.30 måndag ringde ein person inn ein bombetrugsel mot Flåmsbana. Politiet har no kontroll på personen. ARKIV (Foto: Geir Geitle)

- Trugselen er ikkje reell, opplyser politiet.

  • Sara Finne

Måndag morgon fekk politiet melding om ein bombetrugsel mot Flåm stasjon. Det var Sogn Avis som fyrst melde om saka.

Ringde frå synleg nummer

Trugselen vart ringt inn frå eit synleg telefonnummer, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Søk i interne register gjorde det tidleg klart at det ikkje var grunnlag til å oppdatera trugselen til å vera reell.

- Dette viste seg å vera ein uspesifikk og ureell trugsel. Likevel vil me forsøkja å koma til botns i kva dette dreier seg om, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt i Florø.

Teken hand om av politiet

Innringjaren er busett i eit anna politidistrikt, og er teken hand om av politiet der. Saka vert etterforska vidare, melder politiet.

Toga på Flåmsbana skal no gå som normalt att, med nokre forseinkingar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.