annonse

Planlegginga i gang for nye Vaksdal skule

VAKSDAL
VAKSDAL: Skulen på Vaksdal skal få tilbygg, her er levekårsutvalet på veg inn til møte, i september i fjor. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

Skulen på Vaksdal skal få tilbygg, og det er no valt arkitekt som skal utarbeida byggjeprogram og gjennomføra tilstands- og funksjonsanalyse av bygget og skisseprosjektet.

Jan-Egil Dyvik

Det kjem fram på nettsida til Vaksdal kommune.

Vaksdal kommune er svært aktiv på skuleområdet for tida, med modulskule på Stanghelle, til sommaren startar arbeidet med ny skule på Dale og det skal etablerast eit oppveksttun ved Stamnes skule.

Sistnemnde vil også føra til at barnehageborna vert flytta frå noverande lokale til skulen.

Samstundes er planleggingsarbeidet med tilbygg og rehabilitering av skulen på Vaksdal i gang.

Eit tilpassa bygg

Der er verksemda «Og arkitekter» i Bergen, som har fått jobben med å laga byggjeprogrammet.

– Dei tilsette ved skulen arbeider med å utvikla morgondagens skule. Dei er opptekne av at det er bygget som skal tilpassast pedagogiske prinsipp og ikkje motsett, skriv Mona Mekki, leiar for Innbyggjarservice i Vaksdal kommune.

Det er også sett ned ei referansegruppe med politikarar, administrasjon, tilsette, foreldre, elevar og frivillige organisasjonar. Gruppa skal ha det neste møtet sitt 11. april.

Synfaring i Bergen

Gruppa har vore på synfaring til fleire skula i Bergen, mellom anna til Hellen skule, Ny-Krohnborg skule og Landås skule.

– Det var ei lærerik synfaring, der me fekk sjå ein skule som er rehabilitert med påbygg, eit samfunnshus i samspel med ein rehabilitert skule og ein heilt ny skule, skriv Mekki.

Gruppa fekk sjå mange ulike løysingar, alt frå detaljar som garderobetilhøve og logistikk i bygget – til store linjer som korleis undervisingslokala utfordrar lærarrolla.

– Det er tydeleg at ombygging og rehabilitering kan gje gode pedagogiske og estetiske kvalitetar, heiter det.

Prosessen med Vaksdal skule er noko utsett i høve til den opphavlege planen, heiter det også.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.