annonse

Politiet ber folk melda seg etter MC-ulukka

DØDSULUKKE
DØDSULUKKE: Politiet ynskjer at vitne melder seg etter dødsulukka ved Dalegarden tidlegare i juli. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)

Politiet søkjer vitne etter at to unge menn mista livet i ei MC-ulukke på Dale.

Marita Saue Hamre

– Me meiner det er fleire som har gjort observasjonar, eller veit kva som skjedde i tida rett før ulukka, seier Bjørn Inge Aarsand hjå Voss lensmannsdistrikt.

Politiet har snakka med eit titals vitne, men har framleis personar på lista som dei ynskjer å snakka med.

– Me er i ferd med å danna oss eit bilete av kva som har skjedd, men me vil gjerne snakka med fleire dersom nokon veit noko meir.

Politiet ventar framleis på rapportar og svar på analysar før dei kan konkludera kva årsaka til ulukka var.

Ikkje teknisk feil

Ifylgje politiet var det ikkje teknisk feil som var skuld i ulukka, som skjedde natt til torsdag 19. juli.

– Me håpar å få endelege svar i løpet av august, seier Aarsand.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen og politiets krimteknikarar var på staden og gjorde undersøkingar etter ulukka på Dalegarden.

– Ein tragedie

– Dette er berre djupt tragisk alt saman, og ei kvar ulukke har si eiga sorg og tragedie, sa ordførar Eirik Haga til Hordaland etter ulukka.

Eit kriseteam på seks personar har jobba saman med politiet for å vera der for lokalsamfunnet.

Det var 19 år gamle Knut Skjervheim Vedaa og 22 år gamle Nickolay Rørgård Faugstad som omkom i ulukka. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.