annonse

Politiet: - Me har funne henne i live

VART MELDT SAKNA:
VART MELDT SAKNA: 71 år gamle Anne Marie Lid. (Foto: Privat)
HAR FUNNE PERSON I LIVE:
HAR FUNNE PERSON I LIVE: Politiet sin innsatsleiar på staden, Dag Sætre, seier at dei har funne ei kvinne i live som etter alt å døma er Anne Marie Lid. (Foto: Terje Hjartnes)

Like over klokka 11 tysdag melder politiet at dei har funne den sakna Anne Marie Lid (71) på Dale.

Geir Geitle Sara Finne

Det var måndag kveld at politiet mottok meldinga om at 71 år gamle Anne Marie Lid var sakna på Dale. Lid gjekk ut frå huset sitt mellom klokka 14 og 15 måndag, og kom aldri attende måndag kveld. 

Klokka 11:15 tysdag melder politiets innsatsleiar på staden, Dag Sætre, at dei no har funne den sakna kvinna i live. 

- Det var ein frivillig som fann kvinna i fjellsida over fotballbanen på Dale, i eit område kalla Kyraråkje. Kvinna sa at ho hadde gått seg vekk på tur, seier Sætre.

Politiet opplyser at kvinna har det bra, men at ho er sliten etter ei lang natt ute i terrenget. Området ho vart funnen i skal vera svært bratt.

HAR FUNNE PERSON I LIVE:
HAR FUNNE PERSON I LIVE:: Politiet sin innsatsleiar på staden, Dag Sætre, seier at dei har funne ei kvinne i live som etter alt å døma er Anne Marie Lid. Foto: Terje Hjartnes

Stor leiteaksjon

Etter at kvinna vart sakna måndag kveld vart det sett i gang ein stor leiteaksjon på Dale, der 45 personar frå politiet, Norsk Folkehjelp, Norske Redningshundar, Røde Kors, Sivilforsvaret var involvert. Det vart også søkt med eit Sea King-helikopter gjennom natta. Politiet starta leiteaksjonen natt til tysdag, og har leita etter kvinna med full styrke gjennom natten og tysdag morgon.

I ei Twittermelding seier politiet at dei vil takka både frivillige og profesjonelle for leiteinnsatsen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.