annonse

Politiet treng di hjelp

TJUVEGODS
TJUVEGODS: Marius Kristiansen og Therese Vaksdal hjå Voss lensmannsdistrikt med delar av tjuvegodset frå fleire innbrot i distriktet. (Foto: Marita Saue Hamre)
DRILL
DRILL: Det er stort sett drillar og laserar, men òg betongsag. I tillegg er det snakk om sju syklar og stereoanlegg som er stole. (Foto: Marita Saue Hamre)
VERKTØY
VERKTØY: – Det er vanskeleg å seia akkurat kva verdi tjuvegodset har, men det er mykje dyrt utstyr her, fortel Marius Kristiansen hjå Voss lensmannsdistrikt. (Foto: Marita Saue Hamre)
SYKKEL
SYKKEL: Dyre syklar er òg mellom det som er stole frå forskjellige adresser i distriktet. Sju syklar er funne utan å bli identifisert av eigar. (Foto: Marita Saue Hamre)
DIVERSE
DIVERSE: Her er noko av det som er funne på forskjellige adresser i distriktet. (Foto: Marita Saue Hamre)
SJU SYKLAR
SJU SYKLAR: Blant tjuvegodset er det mellom anna sju syklar som er stole. (Foto: Marita Saue Hamre)

Etter fleire grove innbrot i distriktet treng politiet hjelp til å finna eigarane av tjuvegods.

Marita Saue Hamre

No ber politiet hjå Voss lensmannsdistrikt om hjelp til å finna dei rette eigarane av store mengder verktøy og sju syklar.

– Me prøver å finna ut av kvar alt verktøyet er teke frå, seier politibetjent Marius Kristiansen.

Verktøytjuveriet på Nye Voss gymnas i jola har vore hovudsaka politiet har jobba ut frå, og der fann dei ein del av verktøyet. I kjølvatnet av dette har politiet på Voss ransaka fleire adresser, gjort fleire funn og to personar sit framleis varetektsfengsla.

– Så langt i etterforskinga har me klart å finna nokre eigarar som har saknar tinga sine, men så er det ein del me ikkje har greidd å finna eigar på, forklarar Kristiansen.

Truleg frå 2016/2017

På lensmannskontoret står det tre kasser med handverkstøy, større verktøy og sju syklar som kan vera privatpersonar sine, men òg større bedrifter.

– Det er stort sett drillar og laserar, men me har òg betongsag. I tillegg er det snakk om sju syklar og stereoanlegg, seier Kristiansen.

Han legg til at det finst sikkert forhold som ikkje er oppdaga eller melde til politiet, men han ynskjer at dei som manglar noko eller har meldt ei sak tidlegare tek kontakt med politiet.

– Dei som tek kontakt må bevisa at det er deira, og må nok gje ei forklaring eller melda det til oss, forklarar han.

Dyre verktøy og syklar

Det er truleg snakk om verdiar opp i fleire hundre tusen kroner.

– Det er vanskeleg å seia akkurat kva verdi tjuvegodset har, men det er mykje dyrt utstyr her, fortel han.

– Kva tenkjer de om at det er så store mengder tjuvegods?

– Me tenkjer at dette truleg er for å selja vidare, og at det er for store mengder til at det skal nyttast til eige bruk, seier Kristiansen.

Framleis varetektsfengsla

Dei to mennene i 20-åra har vore godt kjende av politiet.

– Det er totalt tre personar som er sikta i saka, og to av dei er varetektsfengsla, avsluttar han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.