annonse

Poppar opp på Vangen

Dei kan dukka opp bak ein busk, i grønsaksdisken eller på Torget fredag og laurdag i jazzhelga. Elevane ved folkehøgskulen på Voss gler seg til å vera med på festival. Her nesten heile pop-up-ensemblet
Dei kan dukka opp bak ein busk, i grønsaksdisken eller på Torget fredag og laurdag i jazzhelga. Elevane ved folkehøgskulen på Voss gler seg til å vera med på festival. Her nesten heile pop-up-ensemblet: Albert Gjørvad, Henrik Ceballos, Aaron Jordalen, Vegard Johansen, Hilda Taklo, Ingrid Karine Helgeland og Henrik Våge.

Du må ikkje verta for overraska, om du er ute på helgehandel fredag og det dukkar opp eit lite orkester mellom vårløk og gulrøter.

Karl Ystanes Vidar Herre

Musikkelevane ved Voss folkehøgskule debuterer på Vossa Jazz i år, og det gjer dei på litt overraskande vis. Musikklærar ved skulen, Kjetil Hareide Hallre samla elevane på øvingsrommet tysdag, der dei trenar på oppdraget til festivalen.

Dei skal vera med på velkomsten til jazztoget som kjem til Voss fredag ettermiddag, og dei skal vera med på den trufaste jazzparaden laurdag, der små, og ein del store, kler seg ut og jazzar opp gater og hus på Vangen.

Medan paraden går vidare gjennom gatene, skal musikkelevane halda trykket oppe på Torget.

Poppar opp både her og der

I tillegg kjem dei til å dukka opp ulike stader i sentrum, og gje stunt-konsertar, eller «pop-up-konsertar», som Hallre kallar det. Det er ikkje så godt å finna eit høveleg nynorskord for «pop-up-konsert», men innhaldet ligg gjerne litt i ordet; dei kjem til å «poppa opp» på stader du slett ikkje ventar det.

- Det er berre å vera obs. Dei kjem til å luska seg rundt, og kan fort dukka opp i butikkane. Du skal ikkje sjå bort frå at dei poppar opp mellom gulrøter og vårløk, og framfører eit lite stykke musikk, fortel Hallre.

Tingingsverk til helgehandelen

Fotografen ymtar fram eit lite ynskje om litt blue gras i fiskedisken.

- Kan det lata seg gjera?

- Kanskje det. Som eit tingingsverk?

- Ja, som eit lite tingingsverk til helgehandelen?

- Kanskje det. Me dukkar i alle fall opp fleire stader, seier musikklæraren.

Har oppdaga jazzen

Etter det Hordaland kjenner til, er det fyrste gongen folkehøgskulen som skule, er med i programmet for festivalen som set Voss på hovudet palmehelga. Det tykkjer elevane er stor stas.

- Ja, det vert veldig moro. Det verste som kan skje er vel berre at det kan koma litt regn, fortel Hilda Taklo, som spelar trekkspel.

Ho vil vera med i ein trio som truleg kjem til å framføra Libertango av Piazolo, ein førebels hemmeleg stad på Voss. Taklo skal arbeida på festivalen som frivillig, og fortel at ho nett har oppdaga jazzen.

- Det er ei spennande musikkform, og eg gler meg veldig til helga, seier ho.

Som så mange andre.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.