annonse

Prislapp på avlingsskadane: 1,1 milliardar kroner

TURT
TURT: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale besøkte tørkeramma bønder i Vestfold i juli. No viser nye prognosar at avlingsskadane etter turken kan komma opp i 1,1 milliardar kroner. (Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK)

Førebelse overslag viser at avlingsskadane etter turkesommaren kan komma til å kosta 1,1 milliardar kroner.

  • PK-NTB / Anders R. Christensen

– Dette viser kor ekstremt krevjande situasjonen er, når det er såpass store skadar. Det seier både noko om utfordringane til bøndene, og kor solid avlingsskadeordninga er. Dette er kostnadar som ordninga dekkjer, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) til NTB.

Ein prognose som Landbruksdirektoratet har laga, og som NTB har fått tilgang til, viser at fylkesmennene reknar med at gras- og kornprodusentane i Sør-Noreg kjem til å søkja om erstatning frå staten på over 1 milliard kroner på grunn av turken.

I tillegg vil potet-, grønsak-, bær- og fruktprodusentane truleg søkja om erstatningar på rundt 60 millionar kroner, viser prognosane.

1.101.550.000 kroner

Ifylgje den nye prognosen ventar Fylkesmannen i Hordaland søknader på til saman 4 millionar kroner, mens overslaga for Finnmark ikkje er klare enno. Landbruksdirektoratet ventar dermed at søknadene totalt vil komma på 1.101.550.000 kroner.

Nationen hadde tidlegare denne veka ei sak der erstatningssummen vart rekna ut til 1.099.700.000 kroner, men dette talet inkluderte ikkje Hordaland og Finnmark.

Kornbøndene i Østfold, Oslo og Akershus kjem venteleg til å søkja om erstatning på til saman 335 millionar kroner, mens grovfôrprodusentane i Buskerud, Hedmark, Oppland, Agder og Rogaland truleg vil søkja om erstatning for rundt 365 millionar kroner.

Omfanget av tørken kjem dermed mest sannsynleg til gje rekordutbetalingar.

Den høgaste utbetalinga for avlingsskadar til no, kom i 2011, da staten betalte ut 90,2 millionar kroner. Tala for den regntunge sommaren i fjor er enno ikkje heilt klare, men førebels ser erstatningsutbetalingane ut til å enda på 67 millionar kroner.

– Tala viser at det kan komma nesten 15 gonger så mange søknader som normalt, og om mykje høgare beløp. Kvar enkelt søkjar er ramma mykje hardare i 2018 enn me har opplevd før, seier seniorrådgjevar Tron R. Bøe i Landbruksdirektoratet.

Skattebetalarane må betala

Jon Georg Dale oppmodar bønder som har fått avlingsskadar, til å vera raskt ute med å be om erstatning.

Han er samtidig klar på at det er skattebetalarane som må ta rekninga for dei auka erstatningssummane.

– Den meirkostnaden staten har med dette, er finansiert av fellesskapen, seier Dale og held fram:

– Me har no fått eit overslag på korleis erstatningane vil sjå ut for dette året. Så får me sjå an korleis det utviklar seg vidare. Det er for tidleg å seia noko om kva andre ting staten bruker pengar på, som eventuelt kan bli påverka av dette, seier Dale.

Avviser krisepakke

Tidlegare i sommar vart det kjent at regjeringa i Sverige gjev ein krisepakke på 1,2 milliardar til dei turkeramma bøndene i landet. Småbrukarlagsleiar Merete Furuberg har tatt til orde for ein slik krisepakke i Noreg òg.

Dale er klar på at eventuelle endringar i jordbrukstilskota må komma gjennom jordbruksavtalen, og understrekar at Norges Bondelag førebels ikkje har kravd ei reforhandling av avtalen.

– Sverige har ingen avlingsskadeerstatning, og me ser no at den faste ordninga vår i sommar kan gje omtrent like store løyvingar som det Sverige gjev i eingongsutbetaling. Ut over pengane som kjem gjennom avlingsskadeordninga er det ikkje aktuelt å komma med fleire midlar før jordbruket eventuelt bestemmer seg for at dei ynskjer å reforhandla jordbruksavtalen, seier Dale.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.