annonse

Produserer OL-genser for harde livet

GENSER
GENSER: Produktutviklingssjef Lorents Tvedt og designar Svanhild Strøm, med OL-genseren Olympic Passion. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
MASKINAR
MASKINAR: Fleire strikkemaskinar jobbar så fort dei kan, døgeret gjennom, med å laga OL-genseren. Her ser designar Svanhild Strøm på resultatet. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
SAUMSALEN
SAUMSALEN: Linda Øie Carlsen legg siste hand på eit panneband, som høyrer til OL-genseren. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

Strikkemaskinane i Dale of Norway arbeider på høgtrykk for å etterkoma etterspurnaden etter den nye OL-genseren.

Jan-Egil Dyvik

Olympic Passion er namnet på genseren til dei norske utøvarane i Pyeongchang i neste månad.

– Det er lenge sidan me har hatt så godt sal som dette, så her har me nok verkeleg treft eitt eller anna som gjer at interessa for denne genseren er så stor, seier Lorents Tvedt, produktutviklar i Dale of Norway.

Både inni og utanpå

Designaren er Svanhild Strøm, som fortel kva som er tanken bak – nemleg at utøvarane skal ha Noreg med seg til Sør-Korea.

– Både utanpå og innvendig, om du forstår, smiler ho, og viser fram strikkeplagget og dei ulike elementa.

Ei stilisert åttebladrose går att, og ei av rosene har dei norske fargane i seg. Sjølvsagt på den rosa som er næraste hjarta, seier ho.

Under kjem sportselementet, ei stripe, som kan minna om Ready-plagga, for dei som hugsar dei. Stripa som til dømes går att i lua til Birger Ruud, og andre etter han sjølvsagt.

Ser norsk ut

Det nedste av elementa er snø, mykje snø, og alt dette i raudt kvitt og blått.

– Denne kombinasjonen har folk verkeleg teke til seg, meiner Strøm. Alle dei norske utøvarane vil ha desse plagga, som sjølvsagt finst både for vaksne og born og med huer og panneband og anna som høyrer til.

– Det er viktig for dei norske å sjå nett norske ut i OL, og med desse plagga gjer dei det, både utanpå og inni med desse genserane, meiner Strøm.

Mange tusen plagg

– Me må nokså langt tilbake i tid for å finna liknande interesse og sal av ein genser som dette, seier produktutviklingssjef Lorents Tvedt.

Faktisk tilbake til Holmenkollen i 2011. Til no har DoN faktisk selt nokre tusen plagg meir enn den genseren.

– Rundt 8000 plagg så langt, og me går framleis på tre skift og i helgane for å imøtekoma etterspurnaden. Eg trur me må kalla dette ein stor suksess for oss. Designaren trefte og me er svært glade for også å ha slike dyktige folk som dette hjå oss, seier Tvedt.

Sel godt over alt

Salet har vore godt, ikkje minst før jul, og det er framleis litt ventetid.

– Om du spør kven som kjøper, så er nok største marknaden i Noreg, naturleg nok. Men denne genseren går godt i utlandet også, både på nett og i butikk. Gode produkt sel over alt, dei, seier Tvedt.

Eigentleg var det meininga at arbeidarane ved DoN også skulle få kvar sin OL-genser i julegåve, men den gåva må dei venta på.

– Det kan vera bra å ha noko å sjå fram til også, og me får tru at arbeidarane får den før jonsok i alle fall, smiler både designaren og produktutviklingssjefen i DoN.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.