annonse

Professor fekk sparken

VOSS: Professoren frå Voss, som det i sommar vart kjend har sendt seksuelle meldingar til ulike kvinner, har fått sparken frå Universitetet i Stavanger. Det vart bestemt på eit møte i Ansettelsesutvalget på UiS i dag, fredag, ifylgje NRK Rogaland som fyrst melde saka. Vedtaket var mot éi stemme, tilsetterepresentanten. – Professoren er veldig skuffa over konklusjonen i møtet. Me er veldig ueinige i at det er grunnlag for avskil, seier mannen sin advokat, Kjell M. Brygfjeld, til NRK. I same intervju opplyste Brygfjeld om at saka vil verta påklaga og eventuelt teken til retten. Professoren har tidlegare gått ut og beklaga seg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.