annonse

Promillekøyrde med barn i bilen

STOGGA AV POLITIET
STOGGA AV POLITIET: Kvinna køyrde med promille frå Hardanger mot Voss då ho vart stoppa laurdag kveld omkring klokka 21.00. (Foto: Daniel Melve Kvarme)

Ei kvinne i slutten av 40-åra vart stoppa av politiet på Voss laurdag kveld. Promilletesten viste at ho hadde drukke, og i baksetet sat eit barn under 10 år.

Karl Ystanes

Dette opplyser operasjonssentralen i Vest politidistrikt til Hordaland sundag morgon. Kvinna køyrde frå Hardanger mot Voss då ho vart stoppa laurdag kveld omkring klokka 21.00.

Blåseprøven viste promille og ho vart teken med til legevakt for blodprøve. Barnet, som er under 10 år, vart teken hand om, politiet har drege inn førarkortet til sjåføren og oppretta sak.

Kvinna har bustadadresse i Bergen.

Promille i Skulegata

Natt til laurdag klokka 04.00 vart ein anna bilførar stogga på Voss, då i Skulegata.

Politiet mistenkte promille og bilføraren vart teken med for å ta blodprøve. Det viste seg at mannen heller ikkje hadde gyldig førarkort. Politiet har oppretta sak for båe forholda. 

Mannen er busett på Voss.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.