annonse

Pushwagner skal redda galleriet i kulturhuset

KUNSTNAR I SÆRKLASSE
KUNSTNAR I SÆRKLASSE: Thor Trå (til venstre) har jobba i mange år saman med Hariton Pushwagner, ein av dei mest kjende kunstnarane i Noreg. I haust kjem han til Voss. (Foto: Privat)
KONTRAST
KONTRAST: Pushwagner sine nitidig detaljerte teikningar av menneske fanga i eit system er karakteristiske for stilen hans. Teikninga er henta frå boka «Soft City», og er ein sterk kontrast til utsikta utanfor kulturhuset på Voss.
Galleriet i kjellaren på kulturhuset er eit godt visningsrom, meiner Kristine Akselberg i Voss kunstlag. Men rommet er vekkgøymd og ikkje synleg utanfrå. Frå venstre
Galleriet i kjellaren på kulturhuset er eit godt visningsrom, meiner Kristine Akselberg i Voss kunstlag. Men rommet er vekkgøymd og ikkje synleg utanfrå. Frå venstre: Thor Trå, Tatiana Stadnichenko og Kristine Akselberg, på montering av årets Vossa Jazz-utstilling med Stadnichenko.

Besøkstala på utstillingar stupte då kunstlaget flytta frå Banksmidja til kulturhuset. Noregs mest kjende kunstnar skal snu trenden.

  • Ingerid Jordal

Vossa Jazz-utstillinga har i ei årrekkje vore eit samarbeid mellom festivalen og Voss kunstlag. I 2015/16 flytta Voss kunstlag frå lokala i Bank­smidja sentralt på Vangen, til Voss kulturhus, som ligg eit lite stykke utanfor. Trenden er klar: Vossa jazz-utstillinga i 2016 hadde markant færre besøkjande enn året før.

Færre ser kunst

- Me brende alt krutet på kunstfestivalen Agalaus i 2015, og sidan det har kunstlaget vore mindre aktivt. Me bestemte oss for å flytta ut av Banksmidja og til kulturhuset, fordi me ikkje lenger rådde med å halda Bank­smidja open, fortel styremedlem Kristine Akselberg.

Ho har ikkje dei konkrete tala føre seg, men stadfestar at nedgangen i besøket var stor.

Vekkgøymt galleri

I tillegg til å vera mindre sentralt, er visningsrommet på Kultur­huset lite synleg frå gata. For å finna det lyt ein inn i foajeen, ned ei trapp og gjennom ein gang. Medan ein i Banksmidja fekk mykje besøk som «stakk innom», er det no mest dei som aktivt oppsøkjer utstillinga som finn vegen ned i kjellaren på Kulturhuset.

- Det er fleire grunnar til det låge besøkstalet. Me i kunstlaget hadde færre ressursar etter festivalen, og det tek tid å etablera eit nytt galleri i medvitet hjå folk. I Banksmidja dreiv me ein butikk, og hadde ope nesten kvar dag. No er det fleire månader mellom kvar utstilling, seier Akselberg.

Push til Voss

Fredag opna nyesjefen på kultur­huset, Thor Trå, utstillinga «Shifting Ground», som er årets Vossa Jazz-utstilling. Trå har tidlegare jobba med marknadsføring og dokumentasjon for kunstnaren Hariton Pushwagner. Pushwagner er ein av dei mest kjende og mestseljande kunstnarane i Noreg. No kjem han til Voss.

- Me har gjort ein avtale om utstilling på Voss i haust. Pushwagner tvila ikkje eitt sekund då eg spurde han, seier Trå.

Meir kultur i huset

På denne måten ynskjer han å setja det no litt vekkgøymde visningsrommet «på kartet». Og dessutan ta i bruk heile huset.

- Me har eit flott kulturhus. Men det kunne vore endå meir kultur på innsida av det. Det er det eg prøver å få til no. Både biblioteket og gangane er veleigna for å syna biletkunst, seier han.

Kontrast

Trå meiner Pushwagner sine karakteristiske­ strekteikningar av menneske som lever i eit bokseliv, eignar seg på Voss.

- Eg ser for meg bileta hans hengja i biblioteket, som ein sterk kontrast til naturen du ser utanfor. Etter å ha fylgt kunstnaren på tallause opningar i Noreg, fortel han at 1000-2000 besøkjande ikkje er uvanleg.

- Og så vert det jo litt sirkus på opninga. Akkurat der har kanskje dei lokale kunstnarane noko å læra av Pushwagner, legg han til.

Trå trur at ei utstilling utanfor dei store byane fort kan inn­kassera mellom 1,5-2 millionar i sal. Han legg ikkje skjul på at han ynskjer å tena pengar på kunst og kultur.

- Me har eit flott visningsrom med eit økonomisk potensial. Eg vil tena pengar på kunst og kultur, for å bruka dei på å fremja meir kunst og kultur.

Alltid ope

Han ynskjer samstundes å invitera lokale kunstnarar til å syna arbeid i galleriet, slik at det kan halda ope heile tida.

- Kva er ditt inntrykk av kunstlivet på Voss?

- Eg ser at det er mange dyktige­ kunstnarar, og kunstfestivalen Agalaus som kunstlaget skipa til for nokre år sidan, imponerte meg stort. Men eg ser òg at det ikkje finst ein felles arena no. Difor ynskjer eg eit nært samarbeid med Voss kunstlag, for å gjera visningsrommet meir synleg og tilgjengeleg.

Voss kunstlag vil vera samarbeidspartnar for både Pushwagner-utstillinga og den vidare satsinga.

- Eg tykkjer dette høyrest utruleg bra ut, og me er svært glade for at kulturhussjefen prioriterer biletkunst, seier Kristine Akselberg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.