Tur frå Finden til Solrenningen
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
IDYLL: Den grøne sløyfa (Nasjonal sykkelveg nr 4) bør koplast tettare saman med den andre store sykkelattraksjonen i distriktet, nemleg Rallarvegen. ARKIVFOTO: SJUR HERRE
Publisert: 08.03.10 kl. 14.52
Skribent: Anne Rivenes
E-post: ar@avisa-hordaland.no
Hovudutfordringa for sykkelnettet på Voss er å kopla Rallarvegen med sykkeltilbodet i Den grøne sløyfa.
Arbeidsgruppa for Reiseliv og Sykkel arbeider for at Voss skal verta eit syklist-velkomen-reisemål.
Dei ynskjer å koma med innspel til kommunen og vegvesenet som onsdag har trafikksikringsmøte med tema sykkel.
For å knyta Rallarvegen tettare saman med sykkeltilbodet Den grøne sløyfa, er det knytt utfordringar til vegkrysset ved Palmafossen, og sykling gjennom sentrum av Voss. Begge stadene trengst tydeleg skilting.
Eit anna problem er strekninga frå Geitle til Evanger, der det manglar sykkelveg og alternativa er å sykla inn på stamvegen eller ta toget frå Bulken til Evanger.
– Når det gjeld tilrettelegging for rundturar på sykkel, peikar gruppa på sykkelruta rundt Vangsvatnet som treng skilting. Samstundes må ein sikra høve til rundtur rundt Lønavatnet. Der er det viktig å sikra sykkelinteressene i komande reguleringsplan for E16.
Eit tredje satsingsområde er å tilby gode tilhøve for sykkel mellom Voss og verdsarvområdet.

Andre innspel for å gjera Voss til ein meir sykkelvenleg stad, er behov for skilting og informasjon, og samordning av arbeidet med Hovudnett Sykkel Voss med trafikksikringsplanen og med arbeidet som Reiseliv og Sykkel arbeidsgruppa utfører.
Arbeidsgruppa har også oppretta ei gruppe på Facebook kalla Sykkel på skinner, for å utvikla turkombinasjonen tog og sykkel.
Innspelet frå arbeidsgruppa er underskrive av Anne Grethe Bakke i Destinasjon Voss. I arbeidsgruppa sit representantar for kommunen, reiselivet, vegvesenet og sykleklubben.
VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka
VOSS: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekte tysdag diplom og 50.000 kroner til prisvinnarane frå Ulvund. / Les saka
VOSS: Utrykkingspolitiet stilte seg opp ved brannstasjonen i Hardangevegen i ettermiddag. På ein time hadde ti bilførarar fått gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka
VOSS: Frå sist fredag og ut denne veka, kjem Statens Vegvesen til å gjennomføra ein landsomfattande kampanje for bruk av bilbelte, / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka
Siste frå VossRassikring og stengd stamveg neste vekeE16: Frå neste veke vil vegvesenet setja i gang arbeid ved Godfarskolten og i Kattagjelet mellom Bolstad og Evanger. / Les saka
Frekt tjuveri hjå FretexVOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka Søk i avisene tilbake til 2004 Tips oss: tips@avisa-h.no Siste frå Granvin/Ulvik
Framtida.no: Nyhende- og debattavis for ungeNETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka
Strålande utsikter for helgaVOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka Siste frå Vaksdal/ModalenRassikring og stengd stamveg neste vekeE16: Frå neste veke vil vegvesenet setja i gang arbeid ved Godfarskolten og i Kattagjelet mellom Bolstad og Evanger. / Les saka
Framtida.no: Nyhende- og debattavis for ungeNETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka |
23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka
Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka