annonse

Ras mellom Stamnes og Dale

SPERRAR VEGEN
SPERRAR VEGEN: Store steinblokker og tre sperrar vegen som går mellom Stamnes og Dale. (Foto: Stine Strand Carlsen)
STENGD
STENGD: Raset skal ha gått nokre minutt frå avkøyringa til E16. Presis Vegdrift er på staden, og sperrar av. (Foto: Stine Strand Carlsen)
MELLOM STAMNES OG DALE
MELLOM STAMNES OG DALE: Raset har gått på vegen mellom Stamnes og Dale. (Foto: Google Maps)

Vegen er stengd mellom Stamnes og Dale på grunn av ras.

Marita Saue Hamre Stine Strand Carlsen

Klokka 05:30 onsdag morgon vart fylkesveg 569 mellom Stamnes og Dale i Vaksdal kommune stengd på grunn av ras. 

Entreprenørar frå Presis Vegdrift er på staden, men må venta til Statens vegvesen kjem for å undersøkja området. 

– Det er eit ganske stort ras, på ti til 20 meter. Det er fleire steinblokker, og spesielt ein stor stein som sperrar vegen, seier maskinførar André Skaar i Presis Vegdrift. 

Vegen vert truleg stengd i heile dag. 

Omkøyring via Modalen og Knarvik til Bergen, og ei omkøyringsrute via Eksingedalen ned til Evanger for dei som skal til Voss. 

Raset skal ha gått like før krysset mellom fylkesvegen og E16. 

Les også: 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.