annonse

Ras stengde tunell på riksveg

STENGDE
STENGD: Vallaviktunnelen stengde sundag ettermiddag grunna oppryddingsarbeid etter eit mindre ras. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Vallaviktunnelen på riksveg 13 mellom Granvin og Ulvik vart stengd grunna eit mindre ras inne i tunellen.

  • Bjørn Sandnes
Marita Saue Hamre

Sundag like før klokka 15.30 melde Vegtrafikksentralen vest på Twitter om eit ras i Vallaviktunnelen.

Tunellen vart stengd, og det vart trafikale problem på staden ein periode sundag ettermiddag.

Rett over klokka 16 vart tunellen rydda og opna att for trafikk.

Les òg:

Rykte ut til staden

Naudetatane rykte ut til staden, og fekk undersøkt raset.

– Brannvesenet er ferdig på staden, og tunellen er klarert, melder 110-sentralen på Twitter like etter klokka 16 sundag.

Det vart omkøyring for personbilar via fylkesveg 572.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse