annonse

Ras-vegen framleis stengd

FRAMLEIS STENGD
FRAMLEIS STENGD: Vegen mellom Stamnes og Dale opnar ikkje att torsdag. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Heile rasløpet må reinskast, slik at fylkesveg 569 ved Dalseid vert stengd resten av dagen.

Jan-Egil Dyvik

Det opplyser byggjeleiar Bente Bergstø i Statens vegvesen, etter at det vart gjort ei ny vurdering av situasjonen klokka 12 torsdag.

– Dette var nok som forventa, det står mykje arbeid att framleis, seier ho.

Arbeidar for fullt

Arbeidet pågår for fullt, og når rasløpet er reinska, vil det truleg vera trygt nok til at ein kan gå inn og rydda vegbanen.

– Det vil såleis verta ei ny vurdering av situasjonen fredag kl. 10. Så får me sjå korleis situasjonen er då, seier ho.

Rasstaden ligg mellom Dalseid og Stamnes.

Les også: 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.