annonse

Rasramma veg kan bli sperra i ei veke

HER
HER: I dette området skal raset ha gått. (Foto: Gule sider / skjermdump)

Fv 569 mellom Mo og Romarheim er framleis stengd etter fleire ras. Når vegen vil opna er uvisst.

Siri Flatlandsmo

Tysdag ettermiddag, kring klokka 17.30, kom meldinga: Fleire jordskred hadde ramma Modalen.

Fv 569 vart stengd ved Stokkevika, mellom Mo og Slottet. Onsdag morgon opplyser vaktkommanfør ved 110-sentralen, Ronal Drotningsvik, til Strilen at  vegen kan bli stengt lenge.

– Vi veit ikkje kor lenge, men dette kan bli langvarig, vegen kan i alle fall bli sperra i ei veke, opplyser Drotningsvik.

Redningsaksjon

Tysdag rykte brannvesen og politi ut til staden for å redda til saman sju personar, ifylgje avisa Nordhordland.

Tre av dei var innesperra i bil mellom rasa, dei fire siste var i hytter i området.

Ny vurdering torsdag

Bente Bergstø frå Statens Vegvesen opplyser om at dei ikkje har oversikt over situasjonen enno. 

Delar av vegen skal vera riven bort av rasa.

– Me har ein geolog ut der, seier Bergstø.

Onsdag klokka 09.59 opplyser Vegtrafikksentralen Vest om at dei vil koma med ei ny vurdering torsdag klokka 10.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse