annonse

Rasstengd fylkesveg opnar att

OPPRYDDING
OPPRYDDING: Fv 569 langs Mofjorden vert opna klokka 22 i kveld, men vert stengd til ulike tider framover på grunn av sikringsarbeid. (Foto: Kjetil Eikefet)

Klokka 22 måndag kveld opnar vegen mellom Modalen og Romarheim, etter raset som gjekk tysdag i sist veke.

Jan-Egil Dyvik

Fylkesveg 569 på denne staden vil vera open fram til klokka 08 tysdag morgon, og det vert fleire stengingar i dagane som kjem fortel byggjeleiar ved Statens vegvesen, Bente Bergstø.

Fram til torsdag vil vegen vera open to timar mellom 16 og 18, før den på ny vert stengt fram til kl. 22.

– Deretter held me ope til 08 om morgonen. Fredag stengjer me mellom 08 16, og i helga vil det vera heilt ope. Me får sjå etter kvart som arbeidet held på kva som dukkar opp, men det står ein god del arbeid att framleis, seier Bergstø.

Les òg:

Nokre veker framover

Ho antydar såleis at det vil verta jobba, både med å reetablera vegfyllingar og å sikra vegen, i nokre veker framover.

– Den eine vegbana vil vera køyrande i opningstidene, så vil me informera vegfarande mellom anna på vegvesenet sine eigne nettsider, om stengingane framover, seier Bergstø.

Store nedbørsmengder

Det var dei store nedbørsmengdene tysdag i sist veke, som grov ut mykje av vegbana langs Mofjorden.

I tillegg kom det ned mykje stein og jord. Bilar vart ståande fast mellom rasa, og folk vart henta ut sjøvegen.

Vegen vart undergraven fleire stader, asfalten gjekk i oppløysing og rekkverk på sjøsida av vegen vart fleire stader øydelagt.

Det er såleis eit omfattande oppryddingsarbeid som er i gang.

Fv 569 vert også brukt som omkøyringsveg mellom E16 på Dalseid og E39 på Romarheim.

Så lenge vegen mellom Romarheim og Mo er stengd, må brukarane køyra om Stamnes, Dalseid, E16 til Åsane og via Nordhordlandsbrua og E39.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse