annonse

Redda skadd isklatrar i Måbødalen

MÅBØDALEN
MÅBØDALEN: Den skadde klatraren er i Måbødalen i Eidfjord (Foto: Google maps)

Tysdag melde politiet at ein fransk isklatrar sat fast i ein isvegg i Eidfjord. Han er no redda med helikopter.

Ingvild Siglen Berger

Klatraren hadde skadd ein arm, og kom seg korkje opp eller ned isveggen der han hang saman med ei kvinne. Klokka 14.08 melde Vest politidistrikt at klatrarane hadde kome seg ned frå veggen.

Dei var då nedi eit juv. 

– Farleg område på grunn av isras, skreiv politiet på Twitter. 

Moderate skader

Eit Sea King-helikopter henta opp klatrarane klokka 14.40. Både politi og ambulanse var i området.

Operasjonsleiar Eivind Hellesund hjå Vest politidistrikt fortel at den skadde klatraren var roleg og fatta. Han ringde sjølv til politiet klokka 11.27.

Helse Bergen skriv i ei pressemelding tysdag at den 27 år gamle klatraren har moderate skadar.

Treft av isblokk

Lars Garatun hjå Hardanger lensmannsdistrikt fortel at klatraren var omkring seks meter oppe i isveggen då han vart treft av ei isblokk.

– Sola stod på der og me merka det fall ein del is når me var på staden. Mannen braut venstre armen. Kvinna som var med han var uskadd og køyrde sjølv frå staden, fortel Garatun. 

Klatrarane var eit par frå Frankrike. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.