annonse

Reduserer stengjetidene ved Deildo

ARBEID
ARBEID: Statens vegvesen driv rassikring ved Deildo på rv. 13. (Foto: Statens vegvesen)
SIKRAR
SIKRAR: Her vert det arbeida med oppsett av rasgjerde. (Foto: Statens vegvesen)
TIL 2018
TIL 2018: Arbeidet på strekninga er i rute og skal halda fram til juni 2018. (Foto: Statens vegvesen)

Arbeidet med rassikringa på rv. 13 fordi Deildo i Ullensvang er no kome så langt at Statens vegvesen reduserer stengjetidene.

Ingvild Siglen Berger

Frå og med måndag 22. mai vert det berre stengt to periodar på dagtid, men framleis nattestengt.

På dagtid frå måndag til fredag er det stengt mellom 08.30-10.30 og 10.50-12.45.

Elles er det sundag til torsdag manuell dirigering mellom klokka 22 og 23.45.

Det er nattestengt på strekninga frå sundag til torsdag frå klokka 23.45 til 06.00 neste dag.

I veke 29, 30 og 31 vert det fri ferdsel, skriv vegvesenet i ei pressemelding.

– Totalt skal me halda på til juni 2018, altså eit godt år til. Me er i rute og har fått sprengt ned det meste som skal sprengjast ned. Det står att oppbygging av ny veg, nye grøfter og den slags arbeid, seier byggjeleiar Terje Nesse.


Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.