annonse

Reidar Meel vart takka av i Ulvik

MEDALJE
MEDALJE: Reidar Meel fekk heider og takk då han hadde sin siste arbeidsdag i Ulvik herad. (Foto: Thore Hopperstad)

Assisterande rådmann i Ulvik Reidar Meel (56) vart fredag heidra med Norges Vel si medalje for lang og tru teneste.

Sigrid Seim

Etter meir enn tretti års teneste i Ulvik herad har Meel hatt sin siste arbeidsdag der, før han går over i ny jobb i Nye Voss. Fredag vart Meel takka av, med ei samling i kantina i sentrumsbygget i Ulvik.

Rådmann Thore Hopperstad takka han med blomar og vase frå heradet, og tildelte han Norges Vel si medalje og diplom for lang og tru teneste. Meel fekk også gåver og helsingar frå dei tilsette og frå leiargruppa, då dei heldt det siste leiarmøtet der han var med, torsdag.

Reidar Meel tek no til som kommuneplankoordinator i Nye Voss. Han har i tida som tilsett i Ulvik arbeidd mellom anna som formannskapssekretær, assisterande rådmann, og i fleire periodar vore konstituert rådmann i heradet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.