annonse

Rekordmange medaljar til Vossakjøt

GRUNDIG HEIDRA
GRUNDIG HEIDRA: Dagleg leiar Arne Merkesdal og styreleiar og eigar Willy Roger Jacobsen enda med heile sju medaljar i NM i kjøttbransjen tysdag.

Sju medaljar, i tillegg til heideren Årets produkt av fårepølser, vart tysdag tildelt Vossakjøt i NM for kjøttbransjen.

Sigrid Seim

- Det vart mange medaljar, eg trur ikkje me har fått så mange på ei gong før, seier ein svært nøgd dagleg leiar i Vossakjøt Arne Merkesdal.

Her er medaljefangsten dette året: * Gull for eldhusrøykt fårepølse, som i tillegg vart utnemnd til årets produkt i denne klassen

* Gull for Vossaspianata

* Gull for Mårsnabb

* Gull for Fårepølse

* Sylv for Reinsnabb

* Bronse for Prestegardspylse

* Bronse for Bacon i skiver

- Det var kjempekjekt å få slik utteljing, synest Merkesdal.

- Det viser seg at me gjer rett i å vera tru mot handverket. Me har lojale, flinke arbeidsfolk som held seg til oppskriftene. Me vinn på det til slutt. Det er kjekt for alle som har stått på, å få ei slik utteljing!

Få Voss deltok også Vossafår (Orkla Foods Norge avd. Vossafår), som fekk sylv i klassen fårepølse.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.