annonse

Rekordstor skatteinntekt for Voss

GOD SKATTEINNTEKT
GOD SKATTEINNTEKT: Talet er meir enn 18 millionar over det tilsvarande frå 2016, og godt 1,6 mill. kr betre enn skatteinntekta Voss kommune sitt budsjett var bygt på. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Illustrasjon)

Voss kommune drog i løpet av fjoråret inn drygt 381,2 millionar skattekroner frå innbyggjarane sine.

Rolf Tepstad

Talet er meir enn 18 millionar over det tilsvarande frå 2016, og godt 1,6 mill. kr betre enn skatteinntekta Voss kommune sitt budsjett var bygt på.

At 2017 kom ut på plussida, har fyrst og fremst med ekstremt god skatteinngang i november månad å gjera. Månaden, som normalt er den klart beste i løpet av året, var stipulert å gje 71 millionar i skattekroner til kommunekassa.

Men då månaden var omme, kunne skatteoppkrevjaren på Voss summera godt 76,6 millionar, altså meir enn 5,6 millionar over prognosane. Dermed vart det solid overskot på budsjettposten skatt ved årsslutt, sjølv om både desember månad og ei rekkje andre månader tidlegare i 2017 hadde langt dårlegare skatteinngang enn stipulert.

Godt over budsjett

Økonomisjef Eilev Aalvik har studert skattetala, men kan ikkje peika på noko enkeltforklaring til at skatten totalt enda 1,6 mill. kr betre enn budsjettert.

– Sluttresultatet ligg 0,43 prosent over opphavleg budsjett, men det er ikkje noko område som skil seg spesielt ut, seier han.

Per i dag veit Aalvik heller ikkje om Voss får behalda den overskytande skatten. Det får kommunen berre om også skatten for landet totalt endar betre enn budsjettert. I motsett fall går dei overskytande kronene inn i eit fond som skal fordelast mellom kommunar som ikkje nådde skattemålet.

– Kva tid me får det endelege talet for heile landet veit eg førebels ikkje, seier Aalvik til Horda­land.

Granvin endå betre

Skatteinngangen i Granvin er elles ikkje mindre imponerande.

Heradet nådde i fjor totalen 23,1 mill. kr, som er heile 1,8 millionar betre enn budsjettert. I 2016 enda Granvin sine skatteinntekter på knapt 21 mill. kr.

Også for Granvin sitt vedkomande vart november månad klart best, med 5,0 mill. kr. I motsetnad til Voss, låg Granvin på plussida heile året, med betre skatteinngang enn stipulert like frå januar månad.

Det synest såleis som at det er to relativt velhavande kommunar som slår seg saman frå nyttår 2020!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.