annonse

Rentekutt i Sverige

(NPK-NTB-TT): Den svenske sentralbanken set med styringsrenta til 1 prosent, det vil seia eit kutt på 0,25 prosentpoeng.

  • Ntb_admin Admin

Ifølgje prognosane til Riksbanken ligg det ikkje an til fleire rentekutt, men ekspertar ser ikkje bort frå at det kan koma endå eit kutt allereie i februar

– Døra blir sett på gløtt for ein reduksjon i februar, seier økonomen Olle Holmgren i SEB.

Rentekuttet var venta og får truleg liten effekt på til dømes bustadrentene. Marknadene har allereie tilpassa seg den venta nedgangen, ifølgje økonomiprofessor John Hassler. Fleire har kritisert Riksbanken for ikkje å ha sett ned renta tidlegare. Dei meiner at eit litt for høgt rentenivå har hatt ein negativ effekt på vekst og arbeidsløyse.

Om eitt år reknar banken med at styringsrenta vil liggja på 1,1 prosent. Eitt år seinare, i fjerde kvartal 2014, blir det spådd at renta kjem til å liggja på 1,8 prosent.

Rentekuttet kjem samtidig med at prognosane for svensk økonomi ser dårlegare ut enn regjeringa tidlegare har rekna med.

Riksbanken oppgjev at kuttet kjem av manglande vekst i eurosona, noko som har ein klar effekt på svensk økonomi. Arbeidsløysa er venta å liggja på 8,1 prosent neste år. Tidlegare var det venta at arbeidsløysa neste år ville liggja på 7,9 prosent. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse