Avisa Hordaland

«Reserverte vogn, fekk ho ikkje»

Stortinget sin transport og kommunikasjonskomité skulle til Voss for mellom anna å diskutera jernbane. Jernbanevogna dei reserverte fekk dei ikkje, fordi toget den var på var 2,5 timar seint frå Ål stasjon. FOTO | ANDERS VEVATNE HEREID

Reserverte vogn, fekk ho ikkje

Publisert: 23.02.10 kl. 15.57
Skribent: Frode Rene
E-post: fr@avisa-h.no

BERGEN Stortinget sin Transport- og kommunikasjonskomité  reserverte ei eiga vogn frå Bergen til Voss. Den fekk dei ikkje. Årsak: Toget frå Ål var to og ein halv time seint!

Ironisk nok skulle Stortinget sin transport og kommunikasjonskomité til Voss for mellom anna å diskutera Vossebana, Bergensbanen og ei framtid med høgfartsbane då NSB svika politikarane tysdag.

Nyoppussa

Jernbanevogna dei reserverte frå  Bergen til Voss, sat fast på toget frå Oslo. Det toget var rundt 2,5 timar seint frå Ål. I fylgje NSB sin nettstad kom ikkje toget til Bergen før politikarane skulle vera på Voss. Dermed laut dei reisa som folk flest – med ekstratog. 

Informasjonssjef i Jernbaneverket Vest, Inge Hjertaas fortel at det vart sett opp eit ekstratog frå Bergen med nyoppussa vogner som tok dei reisande til Voss. Om det var eit medvite val av NSB å ta i bruk dei flottaste vognene dei hadde, med tanke på at det er politikarar som skal ut å reisa, ville ikkje Hjertaas seia noko om.

– Alle som reiser med langdistansetog krev ein viss standard, seier han.  

Ekstratoget frå Bergen kom til Voss stasjon om lag klokka 17:08 tysdag ettermiddag.

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Siste frå Voss

Rassikring og stengd stamveg neste veke

E16: Frå neste veke vil vegvesenet setja i gang arbeid ved Godfarskolten og i Kattagjelet mellom Bolstad og Evanger. / Les saka

DANIEL M. KVARME | tekst og foto

Frekt tjuveri hjå Fretex

VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka

Søk i avisene tilbake til 2004
kan du enkelt gjera her. Skriv inn søkeordet ditt - og du får opp fleire val. Klikk på dei ulike vala og du får opp eit bilete av sida søkeordet dukkar fram på. Klikk på biletet for å lasta ned og kjøpa sida.

Søk i tidlegare utgåver:

Buy and Read

Siste frå Granvin/Ulvik

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

SOL, SOL, SOL: Ei heil veke med sol ventar oss, i fylgje dei siste meteorologiske  prognosar.  Yr.no trur på over 20 grader, Vêrvarslinga på Vestlandet lovar minst 17 grader.  Arkivfoto.

Strålande utsikter for helga

VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka

Siste frå Vaksdal/Modalen

Rassikring og stengd stamveg neste veke

E16: Frå neste veke vil vegvesenet setja i gang arbeid ved Godfarskolten og i Kattagjelet mellom Bolstad og Evanger. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang over Hamlagrøvatnet»

Solnedgang over Hamlagrøvatnet

23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka

Bilete til saka «Frå Farne Tider»

Frå Farne Tider

Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt