annonse

Rett frå fest til søppelplukking

KLARE
KLARE: Om det er tidleg morgon eller seint på kveld er ikkje så farleg. Her får russen bossekkar og plasthanskar av Voss IL. (Foto: Siri Flatlandsmo)

Dei har ikkje sove, men stiller opp likevel. No skal gatene skinna.

Siri Flatlandsmo

Klokka er fem tidleg 17. mai. Russen strøymer inn på Fengselstomta. Både raud-, blå-, grøn- og svartkledde kjem vandrande og køyrande frå alle kantar.

– Å, det blir så godt å ta av russebuksa! seier raudruss Olve Herheim.

Klare til dyst

Det er ikkje lenge att no. Han og ein gjeng medraudruss har nett vore og henta plasthanskar og bosposar O-gruppa i Voss IL. Her skal det plukkast.

Dei er på plassen med godt mot, trass i at dei fleste ikkje har sove denne natta.

– Me var jo vakne uansett, seier Rebekka Raad.

Ho har ikkje noko imot å vera der. No er sola er oppe, rett nok bak eit tett skylag. Raad legg til:

– Me kan ikkje leggja oss no, då kjem me oss ikkje opp att.

Og det må dei, for seinare på dagen skal dei gå i tog.

Tradisjon å rydda

Det er vanleg at russen ryddar før 17. mai kjem ordentleg i gang.

– Me ryddar eigentleg etter oss sjølv, seier Raad.

Og litt for dei andre òg.

– Det er kjekt å vita at me gjer noko for andre folk, seier Ida Therese Tufteland

I natt var mange innom moen i regnvêret. Der fekk dei hamburgarar av Jesusfellesskapet.

Men det er ikkje der dei brukar å vera, fortel dei. Dei er oftast ved Amfi-senteret eller heime hjå kvarandre.

I AKSJON
I AKSJON: Irene Klette, Ida Therese Tufteland og Rebekka Raad plukkar bos ved Vangskyrkja. Foto: Siri Flatlandsmo

Kjekk russetid

Russetida er no inne i sin siste dag.

– Det har vore veldig kjekt! seier Tufteland.

Men ho har vore litt sjuk. Det er kanskje ikkje så rart

– Det har ikkje vore så mykje søvn, for å seia det sånn, seier Nikolai Fosse.

Han legg til:

– Og sikkert mangel på mat, og så vidare.

Skal døgna

Dei går rundt kyrkja og plukkar papir, plastikk, sneipar og anna søppel. Ein svart og ein blårussbil rullar forbi.

Sjølv om dei har kosa seg, er det ingenting som varer evig. Og godt er kanskje det.

– Eg er klar for å verta ferdig. Det har vore slitsamt, seier Herheim.

Men kva skal dei gjera no når russetida er ferdig, bortsett frå å ta av seg russebuksa?

– Sova! seier Raad.

Fosse minner ho på eksamen.

Å sova kunne nok Katrine Ullestad tenkt seg òg, men det kan ho ikkje. Ho skal greia ein siste knute før russetida er over: Å døgna. Då må ho vera vaken til 19-tida i kveld.

 – Det skal eg greia, seier ho, kanskje aller mest til seg sjølv.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.