annonse

Riksveg 13 ved Holven ferdig neste år

BYGGJER OPP
BYGGJER OPP: Statens vegvesen klarer ikkje å ferdigstilla rv. 13 ved Holven før i 2018. (Foto: Sigrid Seim)
NÅL FOR NÅL
NÅL FOR NÅL: I kvar celle som vert laga i Granvinsvatnet, er det 120 stålnåler som kvar er 25 meter lange. (Foto: Sigrid Seim)

Statens vegvesen klarer ikkje å ferdigstilla rv. 13 ved Holven før neste år.

Ingvild Siglen Berger

Arbeidet med å byggja opp att riksvegen som rasa ut i Granvinsvatnet i april 2016, har tatt lenger tid enn planlagt.

– Målet var å ferdigstilla heile prosjektet i løpet av 2017. Det greier me ikkje, seier prosjektleiar for Vossapakko, Lars Magnar Røneid, i ei pressemelding.

120 meter av riksvegen glei ut i Granvinsvatnet, og etter det vart det valt ei løysing med cellespunt for å byggja opp att vegen.

Sjølve spuntinga er no ferdigstilt og alle celler er fylt med stein, men det som står att er å byggja opp riksvegen over cellespunten med frostsikrings- og berelag.

I haust kom det òg nye krav om at frostsikringslaget sør om rasgropa må skiftast ut med lettklinker. Deretter vert rasgropa fylt opp på innsida.

Forseinkinga medfører at heile anlegget fyrst vert ferdigstilt våren 2018.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.