annonse

Riksveg vart stengd i to timar

VERT STENGD:
VERT STENGD: Frå klokka 16 og inntil to timar vert riksveg 13 stengd ved Ringøy. (Foto: Google Maps)

På grunn av bilberging vart riksveg 13 stengd i inntil to timar.

Marita Saue Hamre

Vegtrafikksentralen vest opplyser om at riksveg 13 ved Ringøy mellom Hardangerbrua og Kinsarvik vert stengd måndag ettermiddag.

– På grunn av berging av eit vogntog med havari på girkassa vert det stengd frå klokka 16 måndag, skriv dei.

Omkøyring med ferja

Vegen kan bli stengd inntil to timar. 

Omkøyring via ferjesambandet Kvanndal-Utne-Kinsarvik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse