annonse

Ringkjøb har bestemt seg

BESTEMT
BESTEMT: Ordførar Hans-Erik Ringkjøb har no bestemt seg for om han fortset eller ei. (Foto: Rolf Tepstad/Arkiv)

Skal – skal ikkje. Hans-Erik Ringkjøb er ute av tenkjeboksen, og har no varsla Arbeidarpartiet si nominasjonsnemnd om han stiller til attval i 2019.

Rolf Tepstad

– Og svaret er ja, stadfestar vossaordføraren overfor Hordaland.

– Så om partiet ynskjer det, og veljarane vil, er eg klar for fire nye år som ordførar. Og då for Voss herad!

– Fullt motivert

Dette med Voss herad og den nye kulturen som skal byggjast – både innan partia og innan den kommunale organisasjonen – er òg noko av drivkrafta for å vera med vidare, seier Ringkjøb.

Han vedgår likevel at han har vore djupt inne i tenkjeboksen, og at han har hatt saka til gjennomdrøfting i familierådet. Men også derifrå kom det eit samrøystes ja, får Hordaland vita.

– Og sjølv er eg no trygg på at det er dette eg har lyst til. Eg er 48 år no, vil vera 49 ved valet neste haust. Og sjølv om eg då vil ha åtte år bak meg som ordførar, kjenner meg fullt motivert for endå ein periode.

– Inn i ei ny tid

– Kva er det kjekkaste med ordførarjobben, slik du har opplevd det?

– Veldig mykje. Personleg var nok det å bli ordførar på Voss ein del av draumen då eg gjekk inn i politikken, dette å få lov til å vera med på å skapa framgang og utvikling i bygda. Ser ein på Voss nett no, så skjer det då og heilt utruleg mykje spennande, det er positivitet og kreativitet på så mange ulike plan. I tillegg skal me inn i ei ny tid, der noverande Granvin vert del av den nye kommunen. Alt i alt så spennande og så motiverande at eg svært gjerne vil vera med som ordførar i fire nye år, dersom veljarane ynskjer det. Ut frå signala eg har fått frå partifellar elles, verkar det òg som at dei fleste i kommunestyregruppa ynskjer å vera med vidare, kan Ringkjøb fortelja.

Direkte tilbakemelding

Noko av det mest nyttige Hans-Erik Ringkjøb har vore med på som ordførar siste året er elles den nye typen informasjonsmøte helse- og omsorgssektoren har starta, der spekteret av tema har variert frå nyutvikla hjelpemiddel til konkrete problemstillingar i sektoren.

– Her har me fått ein ny møteplass der me frå politikken og frå kommunen sitt hjelpeapparat møter folket der ute direkte. Me kjem såleis mykje nærare brukaren, og får dermed tilbakemeldingar som er langt meir konkrete enn tidlegare. Og dette prinsippet bør opplagt kunna vidareutviklast og nyttast også innanfor andre sektorar i den kommunale drifta. Dét vil opplagt verta ein styrke for lokaldemokratiet, seier Ringkjøb.

Me møter han på ordførarkontoret i Voss tinghus ein tidleg føremiddag, der han nett har avslutta eitt møte, og har 15 minutt ledig før det neste. Og der dagen vidare fullbooka til godt ut på ettermiddagen. Og slik ein kvardag ynskjer han seg altså vidare – minst fram til hausten 2023!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.