annonse

Roleg start på valdagen

TIDLEG UTE
TIDLEG UTE: Tre blad Almeland klare for røysting, frå venstre Lars Kåre Almeland, Mariann Hegle Almeland og Aud Sissel Stalheim Almeland. (Foto: Rolf Tepstad)

Det var jamt tilsig, men ingen kø framfor valurnene på Skulestad skule i morgontimane måndag.

Rolf Tepstad

Då Hordaland var innom for å lodda stemninga i 10-tida, stod tre personar og venta på å få røysta, alle med Almeland som etternamn.

Tv påverkar ikkje

– Synest du det er lettare enn vanleg å røysta i år, eller er det vanskelegare?

– Som normalt, vil eg seia. Eg kjem òg til å røysta på det same partiet som eg alltid har gjort, seier Lars Kåre Almeland.

– Så du let deg ikkje påverka av valkamp og valdebattar på fjernsynet?

– Det kan jo vera skøy å høyra på dei i blant. Men nei, dei påverkar ikkje partivalet, slår Almeland fast.

Røystar same parti

Mariann Hegle Almeland er samd i at fjernsynssende valdebattar ikkje påverkar røystevalet, men usamd i at dei er spesielt moro å høyra på.

– For der gjeld det stort sett å snakka stygt om kvarandre, og det synest eg ikkje er kjekt å høyra på. Slike debattar påverkar i alle fall ikkje mitt partival, eg må òg seia at eg ser mindre og mindre på dei. Såg ikkje ein gong på partileiardebatten, seier Mariann Hegle Almeland.

Heller ikkje Aud Sissel Stalheim Almeland (gift med Lars Kåre) synest fjernsynet sine valsendingar er mykje å ropa hurra for.

– Nei, det er heile andre ting som er avgjerande for mitt partival, seier ho.

Begge damene Almeland gjev likevel til kjenne at dei røystar på same partiet i år som ved tidlegare val. Kva parti det er, vil dei likevel ikkje seia.

– Hemmeleg val, gjer dei klart!

Aukande tilsig

Gymsalen på Skulestad skule, som er røystelokale for Skulestad krins, hadde på det meste fem ventande då Hordaland var innom.

– Her har vore roleg heile morgonen, heller ikkje nokon kø då me opna dørene klokka ni, seier Sigfrid Nornes Gjerde og Torbjørg Afdal frå sin plass bak eine valurna i lokalet.

Dei kryssar av i manntalet, stemplar den utkåra vallista, og syter for at røystinga går rett føre seg.

Skulestad krins har ope heilt til klokka 20 i kveld. Valpersonalet reknar difor med aukande trykk etter kvart utover dagen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.