annonse

Ror frå Årdal til Sandnes

ORIGINALE
ORIGINALE: – Me likar å gjera ting litt utanom det vanlege, seier offshorearbeidarane Roy Gordon Middleton (til høgre) og Per Jarle Riise. (Foto: Privat)
LANG FERD
LANG FERD: Det er sett av 14 dagar til turen på drygt 450 kilometer. Turen startar i Årdalstangen. (Foto: Privat)

Stanghellingen Roy Gordon Middleton og kollega Per Jarle Riise skal ro 240 nautiske mil for å samla inn pengar til Barnekreftforeningen.

Stine Strand Carlsen

– Me likar ei utfordring, og tenkte at kvifor ikkje samla inn til ei god sak i same slengen, seier Roy Gordon Middleton.

Det er ikkje fyrste gongen stanghellingen legg ut på strabasiøse ferder. I 2015 gjekk han til fots frå Bergen til Stavanger, etter å ha tapt eit veddemål.

– Er denne turen også eit resultat av eit veddemål?

– Ja, den er faktisk det! Makkeren min må gå ned 30 kilo, så då kickstartar me det heile med denne turen, seier offshore-arbeidaren.

– Lars Monsen-style

Roy og Per Jarle er kollegaer i Halliburton og gode vener. Saman skal dei ro til Per Jarle sin heimby, Sandnes, i august.

– Me startar i Årdalstangen og ror til Aspervika. Me skal ro i trebåt, så det vert nasjonalkjensle og skikkeleg Lars Monsen-style, ler Roy.

Dei to har laga Facebook-sida «Peri og Roy ror Årdalstangen til Sandnes», der ein kan fylgja førebuingar fram mot turen. Og sjølvsagt løpande oppdateringar undervegs.

– Det vert nok ein tøff tur, me har aldri gjort noko slikt før. Det er sett av 14 dagar til turen, men håpar å nå fram eit par dagar før.

Treng båt

Kameratane samlar inn pengar til Barnekreftforeningen med denne turen, og har allereie samla inn over 8000 kroner. Sjølv har dei ingen personlege historier knytte til barnekreft, men dei har begge små born sjølv.

– Det er eit aktuelt tema og pengane går til ei god sak. Me håpar å kunna samla inn ein fin sum til slutt, seier Roy.

No manglar berre ein ting før ein hiv seg til sjøs.

– Me treng ein robåt! Gjerne ein fjæring av typen Oselvar eller Strandebarm. Har nokon ein me kan låna, vert me veldig takksame!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.