annonse

Røthe ikkje vidare i sprint

UTE
UTE: Det gjekk ikkje heilt som Sjur Røthe hadde håpa på opninga. Men Tour de Ski er langt, og han har mange sjansar att. (Foto: Arne Brunes/arkiv)

Sjur Røthe kom seg ikkje vidare til kvartfinale i Sveits i dag.

Siri Flatlandsmo

Laurdag morgon starta Tour de Ski i Lenzerheide i Sveits. Opningsdistansen var sprint, og det lokale håpet var Sjur Røthe.

– Sprint har aldri vore min favorittdistanse, og her er det mange gode sprintarar med. Så det vert tøft å koma vidare frå prologen – men det er det som er målet, fortalde vossingen før start.

Og det vart for tøft. Han fullførte på 61. plass, 11 sekund bak russaren Sergej Ustjugov, dagens raskaste mann.

Ti vidare til kvartfinalane

Men det er håp for nordmenn likevel. Finn Hågen Krogh, Sindre Bjørnestad Skar og Emil Iversen er vidare til kvartfinalane.

Damene slo til med heile sju løparar vidare frå prologane. Ingvild Flugstad Østberg fullførte som best av alle i kvalifiseringsrunden.

Når kvartfinalane startar skal Astrid Uhrenholdt Jacobsen gå i kvartfinale éin, Maiken Caspersen Falla går i nummer to saman med Flugstad Østberg. Silje Øyre Slind går i kvartfinale tre. Kathrine Rolsted. Harsem velkvartfinale fire, og skal gå mot Tiril Udnes Weng. Heidi Weng skal gå i den siste kvartfinalen.

Pallplass til Caspersen Falla

Til slutt vann Ustjugov herrefinalen. Beste norske vart Finn Hågen Krogh, på 5. plass.

I dameklassen gjekk Caspersen Falla seg så vidt vidare frå kvartfinalen, som«lucky loser». Ho var den einaste som greidde å kvalifisera seg til finalen av dei norske damene. Der sprinta ho seg inn til ein tredjeplass. Best i klassen vart sveitsiske Laurien van der Graaf.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.