annonse

Røyk frå lastebil stengde tunell

GRANVIN: Brannvesenet rykte onsdag ettermiddag ut til Vallaviktunnelen der ein lastebil har fått varmgang i bremsene. Tunellen vart stengd og politiet var på staden. Det melde politiet i Hordaland på Twitter like før klokka 17.00. – Ei politieining på veg frå Oslo til sykkel-VM i Bergen var fyrste køyretøy som kom til staden. Dei fekk gjort ein kjempeinnsats med å sløkkja og stogga bilar. Det kan nok ha sett litt dramatisk ut med all røyken, men det ser ut til at alt har gått bra, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt. Ein stor bergingsbil henta traileren ut. Omkring klokka 18.00 opna tunellen att.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.