annonse

Røykvarslaren har bursdag i dag

Å VERA ELLER IKKJE VERA
Å VERA ELLER IKKJE VERA: Det kan faktisk vera spørsmålet, når brannulukka råkar. Ein røykvarslar lik den Randi Flatabø Opheim held fram, kan redda liv. I bakgrunnen Bjørn Sverre Ekran og Per Fosse. (Foto: Karl Ystanes)

Han er liten og lettstelt, men han kan redda livet ditt om huset tek til å brenna.

Karl Ystanes

1. desember er Røykvarslaren sin dag. Den vesle batteridrivne alarmdingsen kan vera skilnaden på liv og død om ein brann skulle oppstå.

Det minste me kan gjera er å gje han eit nytt batteri i bursdagsgåve, testa at han verkar, og samstundes tenkja grundig over branntryggleiken elles i heimen. Det er ei billeg investering, i høve til kva som kan stå på spel om ulukka skulle vera ute.

Brannmånaden desember

Det er nemleg ikkje tilfeldig at det nett er 1. desember som er valt ut til å vera Røykvarslaren sin dag. I jolemånaden aukar brannfaren og talet på brannar, om me ser på brannstatistikken.

– Denne månaden brukar me meir levande ljos, el-forbruket aukar, me syslar meir med kakebakst, og vedfyringssesongen er godt i gang. Dette utgjer ein auka risiko, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol, fortel Bjørn Sverre Ekran ved Voss brannvern, Per Fosse i Det lokale el-tilsynet, og Randi Flatabø Opheim i forsikringsselskapet Gjensidige.

– Sjekk varslaren

Dei ber oss sjekka at røykvarslarar i heimen er i orden, riktig plassert rundt i huset og at dei har friske batteri.

– Det er diverre slik at det i 2016 døydde 40 personar i bustadbrannar i Noreg. Åtte av dei døydde i desember. Det er også slik at i halvparten av desse brannane, fungerte ikkje røykvarslarane. Når ein brann oppstår, har du berre få minutt på deg til å koma deg ut av huset, fortel Ekran. – Har du seriekopla røykvarslarar i kvar høgd, med friske batteri og plassert dei slik at dei kan høyrast i alle opphaldsrom og soverom, jamvel om dei er lukka, ja, så har du langt betre sjanse om ein brann skulle oppstå, fortel dei.

– 43 prosent av brannane i 2016 byrja på kjøkkenet. Ein «komfyrvakt», ein elektrisk installasjon som bryt straumen til komfyren om det vert for varmt, er eit godt førebyggjande tiltak, legg Fosse til. – Sjekk varslaren jamleg, til dømes ein gong kvar annan månad. Ved å trykkja inn testknappen sjekkar du at han gjev lyd frå seg. Hugs då å halda knappen inne til det pip, forklarar dei.

Trioen dukkar opp med ein eigen stand på Amfi i morgon, og Ekran legg til at dersom nokon måtte ha spørsmål knytt til branntryggleik, så må dei berre ta kontakt med brannvernet på Voss. Fosse og Flatabø Opheim forsikrar oss om at dette også gjeld dei.

«Aksjon boligbrann»

I perioden 2000 og fram til i dag, har det vore 4707 bygningsbrannar i Hordaland. 71 personar har omkome i brann i same periode. Så langt i år har fem personar mista livet i brann i Hordaland.

– 5.–7. desember går «Aksjon Boligbrann», der me kjem til å gå frå dør til dør og dela ut informasjon knytt til branntryggleik. Då fokuserer me også på førebuande tiltak, sløkkjeutstyr, rømmingsvegar og liknande, fortel Ekran.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.