annonse

Russebil i full fyr - sju flykta frå flammane

BRANN
BRANN: Mannskap frå Voss Brannvern fekk kontroll over situasjonen i Bordalsvegen. (Foto: Geir Geitle)

Ein russebil med fleire russ om bord tok fyr i 22.10-tida på Voss 17. mai. - Me sleit med å koma oss ut av bilen.

Geir Geitle Marita Saue Hamre

Bilen var på veg opp Bordalsvegen mot svingen på Haugo då det tok til å brenna i bilen. 

– Føraren fekk stansa bilen før brannen blussa opp, og alle kom seg ut utan nokon skadar, seier lensmann Ivar Hellene hjå Voss lensmannsdistrikt.

Det var sju personar i bilen då det tok fyr. 

Alle vart køyrde til legevakta for sjekk etter hendinga.

Fekk haik rett før brannen

Johannes Hellene (18) fekk saman med nokre andre haik med russebilen nokre minutt før det tok fyr.

– Me skulle oppover Bordalen. Me stod og haika i Haugamoen då russebilen kom forbi, og me fekk sitja på, fortel han.

UTBRENT
UTBRENT: Russebilen var totalt utbrent. Foto: Geir Geitle

Fyrst røyk, så flammar

200 meter lenger oppe byrja det å ryka inne i bilen. 

Fyrst trudde han at den kom frå ei røykmaskin som han visste det fanst i ein av russebilane. 

Men plutseleg slo det flammar ut inni bilen.

– Me ropte at sjåføren skulle stoppa og ville hoppa ut, men me fekk ikkje opp døra. Heldigvis fekk sidemannen framme opp si dør, og me kom oss ut. Eit lite minutt etterpå stod bilen i full fyr, fortel Hellene.

– Alt skjedde veldig fort, og det var ein dramatisk situasjon, seier han.

Flammane stod opp

– Bilen stod i full fyr då me kom fram. Det var berre å jobba på for å sløkkja flammane, seier utrykkingsleiar Øystein Ullestad i Voss Brannvern.

Bilen vart totalskadd etter brannen, og frakta til Bjørko.

– Me veit ikkje kvar brannen oppstod, og det blir truleg vanskeleg å finna årsaka ettersom bilen er heilt utbrend, seier Hellene.

Farleg røyk

Bilen vart ståande i vegkanten ved Bordalsvegen.

Det spreidde seg tjukk røyk og brannlukt utover eit vidt område medan folk feira dei siste restane av 17. mai i sommarvarmen.

Folk måtte halda seg vekke frå brannstaden, mellom anna for å unngå å pusta i seg helseskadeleg røyk.

Både politi og brannvern rykte ut til staden, og fekk fort kontroll over situasjonen.

– Me etterforskar hendinga vidare, seier Hellene.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse