annonse

Rykte ut til grasbrann i Eidfjord

Torsdag føremiddag fekk brannvesenet melding om ein gras- og lyngbrann i Eidfjord.

Ingvild Siglen Berger

Meldinga kom klokka 10.13, og brannvesenet rykte ut til brannen, som skal ha vore i Stavanes. 

Der var det fyr i eit område på omkring 100 x 50 meter.

Brannvesenet starta sløkking og fekk kontroll på ytterpunkta til brannen.

– Dei har stogga vidare spreiing, mellom anna til ei hytte og det som ser ut til å vera eit nedlagt gardsbruk i nærleiken, fortel vaktkommandør Ronald Drotningsvik hjå 110-sentralen i Hordaland.

Ein tankbil frå Voss var på veg til Eidfjord, men kunne returnera ettersom brannen kom under kontroll og brannvesenet i Eidfjord hadde nok vatn disponibelt.

Klokka 10.46 kom meldinga om at brannen var sløkt. Brannvesenet held fram med å vatna området ei stund. 

Etter grasbrannen har brannsjefen i Eidfjord lagt ned forbod mot bruk av open eld der det ikkje framleis ligg snø, melder NRK Hordaland. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.