annonse

– Såg helikopteret to gonger

KYRAREKKJE
KYRAREKKJE: Den sakna kvinna gjekk opp turstien Kyrarekkje i dette området måndag ettermiddag. Stien vert også omtala som Kyraråkje av folk på Dale og Helle. (Foto: Terje Hjartnes)
VAR SAKNA
VAR SAKNA: Anne Marie Lid. (Privat foto) (Foto: )
INNSATSLEIAR
INNSATSLEIAR: Om lag klokka 11.15 kunne Dag Olav Sætre fortelja at den sakna kvinna var funnen. (Foto: Terje Hjartnes)

Den 71 år gamle kvinna vinka mot Seaking-helikopteret ved to høve i natt, men vart ikkje sett.

Terje Hjartnes

Måndag kveld mottok politiet melding om at Anne Marie Lid (71) var sakna på Dale. Ho gjekk frå huset sitt mellom klokka 14 og 15 måndag.

Funnen av frivillig

Om lag klokka 11.15 tysdag morgon kunne politiet sin innsatsleiar på Dale fortelja at kvinna var funnen av ein frivillig som var med på leiteaksjonen.

Den sakna kvinna gjekk på tur måndag ettermiddag, og hadde ifylgje dottera Hilda Lid tenkt seg opp den lokale turstien Kyrarekkje til Hellestølen. Stien blir av folk på Dale skildra som eit bratt, ulendt og krevjande turområde.

Kom vekk frå stien

Hordaland snakka med Hilda Lid om lag klokka 13 i dag. Då var mora til lege for ein sjekk etter den tøffe natta utandørs.

– Mamma gjekk litt feil, kom vekk frå stien, og ramla og skada handa. Det vart mørkt, og ho kunne ikkje gjera anna enn å venta på dagsljos, seier Lid.

– Sleten og svolten

Natt til tysdag vart det nytta Seaking-helikopter til å søkja etter den sakna kvinna.

– Helikopteret svevde over ho to gonger. Ho vinka attende til dei, men vart ikkje sett, seier Lid, som er særs letta etter at mora vart funnen i god behald.

– No er ho sleten og svolten, men det går bra, seier Hilda Lid.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.