annonse

Sakna mann funnen i god behald

SKITUR
SKITUR: Den sakna mannen som gjekk på skitur frå Finse laurdag er funne i god behald. (Foto: Svein Ulvund/Arkiv)

Mannen i 40-åra vart funnen i god behald ved Finnsbergvatnet.

Marita Saue Hamre

Like etter klokka 13.30 melde Vest politidistrikt at mannen vart funnen i god behald av frivillige i Røde Kors ved Finnsbergvatnet i Eidfjord, søraust for Finse.

Mannen skulle på ein lengre skitur frå Finse på laurdag, men då han ikkje gav lyd frå seg, melde pårørande frå til politiet.

– Politiet vart varsla måndag kveld, og leiteaksjonen starta så fort det vart lyst i området tysdag, melde Vest politidistrikt på Twitter.

Då mannen la ut på tur laurdag frå Finse var det fint vêr, men frå sundagskvelden blåste det kraftig opp i fjellet.

Tidagars tur

Turen skulle vare i ti dagar, men det var ulikt mannen ikkje å gje lyd frå seg.

Dei fekk ikkje kontakt med han på telefon, heller. 

– Det blei leita i terrenget mellom Finse og Dyranut med snøskuter og hundar tysdag morgon, fortalde Håvard Skattum hjå Voss lensmannsdistrikt til Hordaland.

Frivillige frå Røde Kors og Norsk Redningshunder var med i søket etter mannen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.