annonse

Sakralt, suggererande og sjangersprengjande

IN THE BEGINNING
IN THE BEGINNING: Verket starta lågmælt og avdempa, med tonar som minna om madrigalar frå middelalderen. Her Kira Skov sentralt i biletet og to av korsongarane i bakgrunnen. (Foto: Ingerid Jordal.)
Ei blåserekkje med to manande saksofonar i hovudrolla var sentrale i uttrykket. Her
FULLT TRYKK: Kira Skov, Maria Faust og Ned Ferm. (Foto: Ingerid Jordal)

Sundagskonserten i Vangskyrkja byr tradisjonelt på noko alternativt, noko heilt anna enn ein normalt får på Vossa Jazz.

Rolf Tepstad

Det var så avgjort tilfelle då Kira Skov og Maria Faust baud inn til sitt musikalske prosjekt på den 45. festivalen sin avslutningsdag.

«In The Beginning» heiter albummet dei i fjor gav ut, og som i hovudsak utgjorde repertoaret på kyrkjekonserten.

– Ei av mine absolutte favorittplater frå 2017, som òg har vunne enormt med prisar og ære, fastslo festivalgeneral Trude Storheim då ho introduserte den dansk-estiske duoen. I Vangskyrkja var dei forsterka med heile 11 musikarar, av dei heile seks koristar.

Som eit påskeopptog

Kvifor Storheim var imponert, var lett å skjøna då det uvanlege ensembelet trødde til, frå starten med nærmast madrigalliknande tonar. Avdempa lågmælt song i forgrunnen, korsong av stadig vekslande valør i bakgrunnen, og svært ofte med fire blåsarar – to saksofonar, trompet og bassklarinett – fremst i lydbiletet. Musikken var bylgjande, suggererande og dragande, ofte med ein sorgtung, sakral undertone.

Sjangersprengjande musikk, som vanskeleg kunne setjast i bås. Og sidan musikken ofte òg gjekk i marsjtakst, understreka av trommis Sebastian Rochford, minna det mest av alt om eit katolsk påskeopptog med syrgjemusikk og tablåar i høve dramaet som skapte høgtida. Slik sett var det jo ein velplassert konsert no ved inngangen til veka.

We shall overcome

Tekstane, på engelsk, handla då òg i stor grad om sorg, liding, undertrykking og tvil – og ein viss porsjon håp. – Hardship, sorrow og turn another cheek, var sentrale ord i teksten, der mykje elles handla om Jesus, Maria og Gud. Det vesle håpet i all suten og sorga vart mellom anna uttrykt med dei kjente orda frå den amerikanske borgarrettkampen: We shall overcome.

– Me spela inn albumet i ei lita museumsaktig kyrkje i Estland, kunne Kira Skov fortelja. Konsert i Vangskyrkja på Voss var dermed heilt perfekt for musikken, gjorde ho klart. Ei stor konsertoppleving!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.