annonse

– Sats heller i sentrum

Nei TIL BUSTADER
Nei TIL BUSTADER: Leiar i Voss Naturvernlag, Kåre Flatlandsmo seier klart nei til bustadbygging i Bømoen. Han meiner utbygging bør skje i sentrum. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Bustadveksten på Voss bør skje i sentrum­. Det er ikkje trong for bustader i Bømoen.

Ørjan Brattetveit

Det meiner leiar i Voss Naturvernlag, Kåre Flatlandsmo.

– Når reiseavstanden mellom Voss og Bergen vert kortare, må me rekna med at me har behov­ for fleire bustader på Voss. Men den veksten må skje i sentrumsområdet, seier Kåre Flatlandsmo.

Leiaren av det lokale naturvernlaget er heilt klar:

– Me ynskjer ikkje bustader i Bømoen. Dette fordi bygging her, vil gje auka utslepp frå biltrafikk. Veksten bør skje i sentrum, og ikkje meir enn i gang- og sykkelavstand frå Vangen.

Flatlandsmo seier han ikkje ser at det er trong for utbygging av bustader i Bømoen.

Folkeliv på Vangen

Voss Naturvernlag meiner det er mest miljøvenleg å utvikla sentrumsområdet.

– Det bør byggjast høgare og tettare. Men det må også vera grøne lunger og plass til folkeliv og kulturaktivitetar i sentrum. Me vil ha eit levande sentrum, der næringsliv og folkeliv går hand i hand, seier Flatlandsmo.

Rekreasjon

Bømoen har i seg sjølv verdiar som naturvernarane meiner ein bør ta vare på for framtida.

– Å ha eit slikt område der folk kan oppleva naturen så pass sentralt på Voss, er viktig. Bømoen er eit fint lågterskeltilbod til folk som vil ut i naturen, seier Flatlandsmo medan han går innover i Bømoen.

– Her er det flott å nyta fred og ro, seier naturvernaren.

Voss Naturvernlag meiner kommunen bør søkja om midlar til å kartleggja artsmangfaldet i Bømoen.

– Forsvaret gjorde dette rundt 2000. Men dette er for gammalt, og no er det lettare å få midlar til å gjera slike undersøkingar. Ein må vita kva ein har av verdiar og artar i området før ein gjer inngrep.

Næring og reiseliv

Kåre Flatlandsmo understrekar at Voss Naturvernlag ikkje er motstandar all utvikling i Bømoen.

– Når kommunen ikkje overtok Bømoen, så er det klart at dei private eigarane må ha høve til å tena inn att investeringane sine, seier han og held fram:

– Me ynskjer så lite utbygging­ som mogleg. Men det er alt mykje­ aktivitetar i Bømoen, som flyplassområdet. Her vil det nok vera plass til næringsverksemd i same området. Dette er aktivitetar som ikkje heilt står i stil med naturvernlaget sine ynskje – men dette miljøet har vore her lenge. Me ser heller­ ikkje negativt på planar om å leggja til rette for overnatting og reiseliv i området i og rundt den gamle militærleiren, seier Kåre Flatlandsmo.

Les også: – Bustadbyggjing og friluftsliv kan gå hand i hand, meiner Olav Lægreid

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.