NYSATSING: Gunvald M. Haugland og familien på Modalen Lodge & Camping har nyleg starta opp med pizzameny. - Dette er noko me håpar vil falla i smak hjå folk, seier Haugland.

Satsar på pizza i Modalen

- Me måtte ha fleire bein å stå på, seier Gunvald Haugland. Med ein rykande fersk pizzameny håpar han å lokka fleire gjester til kroa si i Modalen.

Publisert 11.08.2016 kl. 00.01. Oppdatert kl. 09.55.

- Me starta opp med ny pizza-meny for berre nokre dagar sidan, seier Gunnvald M. Haugland. Og det har alt vore fleire bestillingar.

Alle et pizza. Gunvald er utdanna kokk, og han, kona Flora og sonen Maor har drive Modalen Lodge & Camping på Hugnastad i Modalen sidan mai i fjor. Dei tilbyr overnatting, plass til campingbil- eller vogn og mat. No har dei nett starta opp med ny satsing.

- Nordmenn er det folket som er mest pizza i verda. Det gjev gode føresetnader, seier Gunvald.

På menyen er det mange ulike variantar, men òg ein spesialitet med inspirasjon frå Modalen. Pizzaen har fått namnet «Shangrila».

- Det tyder den skjulte dalen. Passar bra for Modalen, meiner Gunvald.

Tøff i trynet. Det kan vera tøft å satsa på ein så liten stad som Modalen. Dårleg ver i sommar har ført til noko låge besøkstal. Men med ny meny håpar dei å lokka fleire gjester, òg bygdefolk.

- Når me fyrst har starta må me berre satsa. Viss me ikkje hadde hatt trua hadde me ikkje gjort det, seier han.

Ikkje berre enkelt. Men han vedgår at det er vanskeleg.

UTVIDA: Med ny uteplass er det plass til endå fleire gjester på Modalen Lodge & Camping.

- Me kan ikkje sitja å venta på kundane, men vera tilgjengelege når dei dukkar opp, seier han.

Derfor har dei ope om lag heile tida, seier han.

I tillegg til rykande fersk meny har dei òg laga ny uteterrasse med plass til mange.

- No manglar berre sola, seier Gunvald.

Fann staden på nettet. At familien hamna i Modalen var tilfeldig.

- Sonen min fann ei annonse på nettet om at huset, som har vore både skule og barnehage, var til sals.

Dei slo til. Det har dei ikkje angra på.

- Me likar oss godt i Modalen og vil gje dei som bur her og dei som kjem på besøk eit godt tilbod, seier Gunvald.

Skomakar og service. Mat og overnatting er ikkje det einaste dei har på Modalen Lodge & Camping. I kjellaren har Gunvald og sonen skomakarverkstad.

- Det er ikkje så mange sko i året, men eg er oppteken av å gje service til dei som bur her. Dersom dei har ein øydelagt sko kan dei koma innom her i staden for å reisa til Bergen. Å tilby service til folk er det viktigaste, seier Gunvald.

OVERNATTING: Eit av romma på Modalen Lodge & Camping.