annonse

Satsar på å opna i ettermiddag

OPNAR FREDAG
OPNAR FREDAG: Fylkesvegen som har vore stengd sidan onsdag morgon vert truleg opna fredag ettermiddag. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Arbeidet med å reinska vegen mellom Stamnes og Dale er i full gang, og vegen vert truleg opna fredag.

Marita Saue Hamre

– Me satsar på å opna vegen att klokka 16 i dag, fredag, seier Bente Bergstø i Statens vegvesen.

Mannskapa på staden held på å fjerna steinane som ligg i vegen.

– Me meiner at me har kontroll, og at det ikkje er fare for at det kjem fleire ras på staden, meiner Bergstø.

Ikkje nytta helikopter

På eit tidspunkt kort tid etter raset var det snakk om å nytta helikopter for å spyla fjellsida.

– Det er ikkje nytta helikopter, så det er truleg reinska manuelt for å hindra at nye steinar skal rasa ut.

Fylkesveg 569 mellom Stamnes og Dale har vore stengd sidan onsdag morgon.

Les også: 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.