annonse

Send oss dine sommarfoto!

SEND INN
SEND INN: Hordaland vil gjerne sjå ditt beste sommarfoto. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

No kan du vinna flotte premiar i Hordaland sin sommarfotokonkurranse.

  • Redaksjon@avisa-hordaland.no

Måndag går Hordaland i gang med årets sommarfotokonkurranse, der du kan vinna premiar for tusenvis av kroner.

I år vert premiane levert av Vossakjøt, HMV Maskin, S. Endeve Sport, Byggeriet Øvsthus, Skandinavisk Høyfjellsutstyr, Sport1 Sporten Voss og Jernia Rokne, med hovudpremie frå Hageland Voss; nemleg eit utekjøkken til ein verdi av heile 15.900 kroner.

Fritt tema

I sju veker framover vert det kåra ein vinnar som stikk av med ein flott premie. Og til slutt vert det kåra ein hovudvinnar mellom dei sju vekevinnarane.

Har du ein liten hobbyfotograf i magen? Tema for konkurransen er fritt, og me oppmodar alle til å vera med!

Slik deltek du

Send bilete og fullt namn på e-post med kontaktinfo til sommar@avisa-hordaland.no.

Merk med «sommarfoto» i emnefeltet. Alle innsende bidrag kan du finna på www.avisa-hordaland.no.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.