annonse

Senior-blogg vart til bok

KVARDAGSORD
KVARDAGSORD: Magne Velure med ny bok. (Foto: Bokomslag)

Mållaget i Ullensvang har gjeve ut 71 tekstar, henta frå seniorbloggen Jakobs bok. Han skriv om alt frå melankolsk glede, til luksusgenerasjonen, og hittfolket.

Sigrid Seim

Hardingen Magne Velure har dei siste åra forsynt blogg-lesarar med innlegg kvar fredag, i Jakobs bok. I fjor vart eit utval av tekstane til ei handfast bok, utgjeve av Ullensvang mållag. Kvardagsord, tekstar frå ein seniorblogg, vart tittelen då.

Magne Velure har vore styrar ved Hardanger folkemuseum, seinare styrar ved De Sandvigske Samlinger på Maihaugen, og deretter nesten 20 år tilsett i Kulturdepartementet. Skriving har vore ein stor del av arbeidslivet hans. I bloggen har han kunna utfalda seg med tekstar om det som har falle han inn. Det spenner frå minne frå barndom og ungdomstid i Hardanger, familiehistorie, men og heilt dagsaktuelle fenomen. Han skildrar levande jonsokfeiringa dei hadde i barndommen, som har gjort at jonsok for alltid vil vera «lukt av bjørk, av gamalt turrhøy og flor, lydar av felemusikk og glade folk som dansar og subbar på ujamt løegolv medan dei skrattar og ler».

Fjordnært

Han uttrykkjer seg ledig og trygt i ein «fjordnær» nynorsk, ifylgje redaktør for boka, Johannes Sekse. Fleire av tekstane handlar dessutan om språk. Kven veit kva «gluggasol» tyder? Eller at skodda «hjadlar seg»? Og språkleg jåleskap i form av engelsk språkbruk, er han ikkje nådig mot.

Han har fram gjennom åra fått høyra at han høyrer til eit språkleg mindretal. Det har tirra han, og fått han til å halda fast ved det han meiner er godt språk, med den bakgrunnen han har hatt. Språk er absolutt eit spørsmål om kjensler, slår han fast i ein av tekstane.

Nokre av tekstane lokkar fram fliren hjå lesaren, – som soga om han som såg seg sjølv som ein storspelar på hardingfele, og som var heilt på styr for å halda spelfingrane perfekte. Korleis han kunne eta utan å bruka dei dyrebare spelfingrane, kan ein lesa om i ei kosteleg forteljing.

To var før

Boka gjev også rom for refleksjon om tunge dagar, som i teksten Ubeden gjest. Forfattaren mista ektefellen, då sjukdommen som ein ubeden gjest «let etter seg ei sorgfull skodde av sakn». Magne Velure har også skrive korte vers, i form av knekk-prosa. «To var før» er eit bilete på korleis livet hans endra seg:

Set fram to/ koppar og fat,/ tek to bordknivar/ or skuffa,/ bryggjer kaffi/ til to,/ medan tankane vaknar,/ hugsar at/ to var før.

Boka inneheld ei breidde og ein stor variasjon i velskrivne tekstar og tema. I tillegg har utgjevinga fått eit heilt ekstra lyft, med Ingunn van Etten sine vakre illustrasjonar. Det er lokal kunst av ypparste klasse, meiner utgjevaren.

Tekstane frå bloggen også vorte utgangspunkt for eit samarbeid mellom Magne Velure og Alexander Olavson Røynstrand, om framsyninga Kvardagsord og kvardagsslåttar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.