annonse

Serieinnspeling i Njardarheimr?

VIKINGSLANDSBY
VIKINGSLANDSBY: Her kan det verta serieinnspeling. (Foto: Terje Hjartnes/Arkiv)

Snart kan suksesserien «Vikingane» verta spela inn i Gudvangen – om dei får grønt ljos for ein tredje sesong.

Siri Flatlandsmo

Torsdag melde NRK at produsenten i Viafilm, Anders Tangen, drøymer om å spela inn tredje sesongen i den nybygde vikinglandsbyen Njardarheimr.

– Eg synest det er viktig å støtta lokalt næringsliv. Me må støtta opp om dei som faktisk satsar, sa Tangen til NRK.

– Dette er kjempekult! Fantastisk, seier Frode Tufte, dagleg leiar i Gudvangen Utvikling AS, som eig og driv Njardarheimr.

Suksess i utlandet

Fram til no har Viafilm filma to seongar av serien Vikingane på Avaldsnes i Rogaland. Serien vart spela inn på både norsk og engelsk samstundes, og har gått ut til eit stort publikum.

Tufte har inntrykk av at det er mange som har sett serien.

– Om det vert innspeling her, så hadde vore fantastisk både for oss og for områda rundt. Det hadde vore fantastisk for heile reiselivsnæringa, meiner Tufte.

– Dei fleste held på å le seg skakke når dei ser serien. Å setja moderne tema inn i den tida er heilt fantastisk! synest han,

Har dialog

No er han i ferd med å byggja ut vikinglandsbyen for 20 millionar kroner. Njardarheimr opna i fjor, og hadde 14.000 besøkjande. Målet for 2018 er 35.000, har Tufte tidlegare sagt til Hordaland.

Landsbyen er no stengd, men opnar att i mai. Då vil 25 av dei totalt 40 planlagde bygga vera klare.

Tufte stadfester at dei har dialog med produksjonsselskapet til serien. Tangen opplyser til Hordaland at dei ikkje har bestemt seg for når dei skal på vitjing enno.

Nøyaktig korleis det praktiske skal føregå om det vert innspeling i Njardarheimr, er ikkje bestemt. Men ein ting er Tufte heilt klar på:

– Me fiksar det!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.