annonse

Set i gang største folkehelseundersøkinga nokon gong

SKAL UNDERSØKJA
SKAL UNDERSØKJA: I desse dagar vert om lag 70.000 hordalendingar frå 18 år til dei eldste heimebuande inviterte til å svara på spørsmål relatert til folkehelse, i den største folkehelseundersøkinga i Hordaland nokon gong. (Foto: Illustrasjon)

Korleis har du det og korleis trivst du i nærmiljøet ditt? Dette er noko av det 70.000 hordalendingar blir spurde om.

  • Redaksjon@avisa-hordaland.no

I desse dagar vert om lag 70.000 hordalendingar frå 18 år til dei eldste heimebuande inviterte til å svara på spørsmål relatert til folkehelse. Dette er den største folkehelseundersøkinga i Hordaland nokon gong.

Til skilnad frå ei helseundersøking skal Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018 finna ut korleis helsa er fordelt i fylket og kva faktorar som påverkar helsa lokalt.

Treng svar

For å få svar på dette blir det stilt spørsmål om sjølvopplevd helse, om korleis du trivst, korleis du lever og korleis du opplever nærmiljøet ditt.

– Me vil leggja til rette for at det er god folkehelse i Hordaland, men då må vi rett og slett vita korleis folk har det. Derfor gjennomfører Hordaland fylkeskommune denne store undersøkinga saman med Folkehelseinstituttet. Om mange nok svarar, kan både fylkeskommunen og kommunane setja i gang tiltak som kan koma innbyggjarane til gode og betra folkehelsa, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Heildigital undersøking

Dei som er blitt inviterte til å delta i undersøkinga, er tilfeldig trekte ut frå Folkeregisteret. Uttrekkinga er representativ i høve alder, kjønn og bustadkommune.

Invitasjon til å delta er send ut anten via SMS eller e-post, alt avhengig av kva ein sjølv har lagt inn som kontaktpunkt med det offentlege.

Som fyrste fylket ut av Folkehelseinstituttet sine fylkesundersøkingar, er spørjeskjemaet heildigitalt. Svara er sjølvsagt anonyme, og undersøkinga er godkjend av Datatilsynet.

– Slike fylkesundersøkingar er viktige for å få eit godt grunnlag for det lokale folkehelsearbeidet. Me håpar at flest mogleg vil takka ja til å delta. For dess fleire som deltek, dess betre kunnskapsgrunnlag får me, seier direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg.

Info på hordaland.no og telefon

I tilfelle nokon slit med å gjennomføra undersøkinga elektronisk, er det mogleg å ringja eit hjelpenummer for å få rettleiing. Det er òg god informasjon på nettsidene til Hordaland fylkeskommune om undersøkinga i si heilskap, men og fakta om anonymitet, kontaktinformasjon, kven som får statistikk til slutt, etc.

– For oss er det viktig at alle som blir inviterte til undersøkinga, svarar. Me har prøvd å leggja til rette for dette på ein god måte, seier prosjektleiar Aina Haugstad i Hordaland fylkeskommune.

Om dei inviterte lurer på noko, er det mogleg å senda både e-post og ringja. Det er òg mogleg å svara på spørjeskjemaet på engelsk, nynorsk og bokmål.

Folkehelsearbeidet i Hordaland

I dei seinare åra er det blitt meir og meir fokus på folkehelsearbeid. Forhold som vedkjem folkehelse, skal inn i alle planar fylkeskommunen og kommunane held hand om.

– Å leggja til rette for god folkehelse har mykje å seia for samfunnet og for helsa til den enkelte. Derfor er dette viktig, og derfor har me fokus på folkehelsearbeidet i Hordaland, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Resultata frå Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018 kjem òg kommunane til gode. Dersom svarprosenten er høg nok, får dei største kommunane i Hordaland eigne rapportar. For dei mindre kommunane kjem rapportane på regionnivå for å sikra anonymiteten. Resultata kan òg bli brukte til seinare forsking.

– Helse ikkje individuelt val

Folkehelse handlar om forholda me lever i; kvar og korleis me blir fødde, veks opp, leikar, utdannar oss, arbeider og eldast. Me blir påverka av omgjevnadene våre.

Helse er derfor ikkje eit individuelt val.

– Dette ser me tydlegast gjennom den sosiale ulikskapen som finst i helse, seier Aina Haugstad. Det er klare samanhengar mellom kva ressursar folket har og kva for helse folket har. For å kunna setja i verk gode tiltak og rette prioriteringar, treng me kunnskap og dokumentasjon. Det er målet med denne undersøkinga, seier Aina Haugstad.

No håpar ho at hordalendingane brukar dette høvet til å svara, slik at både fylkeskommunen og kommunane kan leggja endå betre til rette for god folkehelse i Hordaland.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.