annonse

Siger og drama

PÅ TOPPEN
PÅ TOPPEN: Hilde Fenne var best på noregscupsprinten på Voss i dag. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Hilde Fenne gjekk inn til siger. Une Kvelvane kom for seint til start.

Ørjan Brattetveit

Hilde Fenne leverte ein god sprint under flotte forhold i noregscupen i Voss ski- og tursenter laurdag. Heimefavoritt skaut ni treff, og var 40 sekund raskare enn Jenny Enold på 2. plass.

Også Une Kvelvane var heimefavoritt i sin klasse, kvinner 20/21. Ho var litt skuffa etter 7. plassen i går, og skulle ta revansje i dag. Men ho kom aldri ut i sporet i dagens konkurranse. Ho kom for seint til start. Og vart skikkeleg lei seg då ho merka kva som hadde skjedd.

– Starttidspunktet for dagens renn vart endra i går. Une hadde sett på den gamle startlista, forklarer mor Trude Andersen, som jobbar dugnad i arrangørstaben.

I morgon går Une Kvelvane for gull på miksstafetten i NM.

Alexander Os vann menn senior laurdag.

I går hadde arrangørane tekniske problem. I dag var internett borte ei stund frå arenaen, men arrangementet gjekk bra.

– Me fann ein feil i Kongehytta, seier leiar i Voss SSL Tommy Vik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.