annonse

Sigrid Superstar

IMPONERTE
IMPONERTE: Sigrid Moldestad. (Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz)

Om det var rettferd i verda, ville Sigrid Moldestad vore superstjerne.

Rolf Tepstad

Superstjerne i norsk samanheng, i det minste! Kanskje kjem ho stadig dit. På Voss er det uansett få som kan matcha den mangslungne dama frå Breim.

I Gamlekinoen fredag kveld fekk eit entusiastisk publikum møta Sigrid Moldestad med band i ein tett-på-konsert. Der presenterte ho i utgangspunktet sitt nye album Vere her, men henta òg diverse høgdepunkt frå tidlegare plater.

Litt ironisk, kanskje, at ho held sin fyrste (?) solokonsert på Vossa Jazz når ho akkurat har levert si mest poppete plate.

Levande tekstar

Men: artisten Sigrid Moldestad blømer uansett sjanger. Og som låtskrivar har ho truleg aldri levert meir levande tekstar enn akkurat på Vere her.

– Kvar er eg i livet og i verda? Livet er annleis no enn då ein var 24 og eit halvt, konstaterte ho ettertenksamt.

Tittellåten er skriven til dottera, fekk publikum i Gamlekinoen vita. – Eg vil vere her, eg vil vere her lenge. Så eg kan få sjå, korleis det går, startar teksten.

– For ein vil jo vera der og sjå korleis det går vidare, helst heile livet, samstundes som ein veit at dét ikkje går. Livet er ein urettferdig avtale, syntest ho.

Eller som det vidare heiter i teksten: – Livet er ikkje sånn, me får aldri heilt sjå, korleis det går.

– Mi andre heimbygd

Det var elles tydeleg at entusiasmen gjekk båe vegar denne kvelden.

– Mi andre heimbygd, kalla Sigrid Moldestad Voss. Her hadde ho som barn teke toget for fyrste gong, og her hadde ho vore student på Ole Bull Akademiet gjennom fire år. Av dei ho i den samanheng hadde møtt, trekte ho spesielt fram nyss avdøde Leif Rygg, som ho òg heidra med kveldens einaste hardingfeleslått.

Ser det store i det små

Som kunstnar har Sigrid Moldestad evna til å sjå det store i det små. Eitt av høgdepunkta i konserten var difor visa tileigna det endelause og enerverande regnet i Bergen sist sommar, formidla med ein ukul ukulele som hovudinstrument.

Og bak seg på scena hadde ho fire trauste karar, som sette vakker og variert farge på musikken. – Og sidan neste band på scena her heiter Skadedyr, så kan jo eg kalla mitt band for Kjæledyr, sa ho muntert. Dei fire var: Jørgen Sandvik (gitar og diverse), Sigbjørn Apeland (tangentar), Anders Bitustøyl (bass) og Kåre Opheim (trommer).

PS: Sigrid Moldestad hadde faktisk solokonsert på Vossa Jazz alt i 2014, opplyser festivalleiar Trude Storheim. - Då med brevet til kjærleiken.

- I tillegg har Vossa Jazz skipa konsertar på begge dei føregåande platene hennar, men då ikkje under festivalen, legg ho til.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.