annonse

Sikta mann sjekka ut av saka

RYKTE UT
RYKTE UT: Politiet i området ved Skjerpe fredag, der ein mann vart funnen hardt skadd. Mannen i 50-åra som vart sikta er no sjekka ut av saka. (Foto: Rolf Tepstad)

Fredag vart ein mann i 50-åra arrestert etter at ein mann i 30-åra vart funnen hardt skadd i Skulestadmo. Fyrstnemnde er no sjekka ut av saka.

Ingvild Siglen Berger

– Han vart avhøyrt fredag ettermiddag, og ut frå dei opplysningane som kom fram, vart han sjekka ut av saka og dimittert frå politihuset, fortel Robert Veseth, konstituert lensmann på Voss.

Han legg til at det altså ikkje er nokon mistanke om at mannen i 50-åra har vore skuld i skadane som mannen i 30-åra hadde, då han vart funnen av forbipasserande i området ved Skjerpe.

– Siktinga vil mest truleg verta lagt bort, men det er det politiadvokaten i Bergen som tek stilling til, seier Veseth.

Han fortel at politiet har ein teori om hendinga, men at dei ikkje vil gå ut med den enno. Politiet skal avhøyra fleire personar i saka for å danna seg eit fullstendig bilete av kva som kan ha skjedd.