annonse

Sindre er tilbake i toppen

PÅ PALLEN
PÅ PALLEN: Sindre Ure Søtvik er tilbake på pallen. Her er han saman med vinnar Go Yamamoto og nummer to Florian Dagn, Austerrike. (Foto: marigrafie.de - Marion Grumbd)
RETT SPOR
RETT SPOR: Sindre Ure Søtvik har slite lenge. Men no er han på rett spor. Her går han inn til 3. plass under sundagens renn i kontinentalcupen i tyske Klingenthal. (Foto: marigrafie.de - Marion Grumbd)

Sindre Ure Søtvik (24) jublar som om han har vunne etter 3. plass i Klingenthal.

Ørjan Brattetveit

- Det er utruleg herleg endeleg å få det til i bakken og få eit god resultat. Dette er som ein siger for meg, seier kombinertløparen frå Eldar IL.

Sundag gjekk han sitt beste internasjonale renn sidan tampen av sesongen 2014/2015.

- Det har gått tungt lenge no, så det gjer godt å reisa heim til jol med eit godt resultat i bagasjen, seier Ure Søtvik.

Sterk opptur

I tyske Klingenthal vart det gjennomført tre renn i kontinentalcupen, som er nivået under verdscupen. Fredag var det hopp og 5 km langrenn. Strendingen fekk ein dårleg start på helga, hoppa svakt og enda på ein skuffande 34. plass. Han var over tre minutt etter den tyske vinnaren Maximilian Pfordte.

- Eg har hoppa godt på trening lenge, utan å få det til under konkurranse. Så då eg igjen hoppa dårleg fredag, var eg langt nede. Eg tenkte: Skal det bli nok ein dritsesong? Det var tungt mentalt, seier Ure Søtvik. Men han klarte å snu tankesettet, og konsentrerte seg om å prestera.

Laurdag gjekk det betre. Hoppinga var av ein annan klasse enn dagen før, og nordmannen låg på 15. plass før 10 km langrenn. I sporet hadde han ein fin dag, og gjekk seg opp til 6. plass. No var han 49,7 sekund bak vinnar Tobias Simon, Tyskland.

- Ein klar opptur, seier Ure Søtvik om laurdagsrennet. Oppturen var nok til at han fekk meir ro over seg før konkurransen sundag.

Og no leverte han slik han gjorde for to sesongar sidan.

- Det var herleg å få til eit skikkeleg hopp sundag. Då var eg tredje best i bakken, fortel strendingen. Han gjekk ut på 10 km 32 sekund bak hoppvinnaren Florian Dagn, Austerrike.

- Eg var ei stund oppe og gjekk saman med austerrikaren. Men eg vart skikkeleg sliten og måtte sleppa han. Men eg hadde kontroll på 3. plassen.

Strendingen kom i mål 28,8 sekund bak vinnaren Go Yamamoto frå Japan og 22,8 sekund bak Florian Dagn på 2. plass. Det var åtte sekund ned til tyske David Welde på 4. plass.

For mykje trening

Sindre Ure Søtvik hadde ein god sesong vinteren 2014/2015. Han gjennomførte gode verdscuprenn som gav poeng, og han tok både 1., 2. og 3. plass i kontinentalcupen. Dei gode resultata gav kombinertløparen frå Eldar mykje inspirasjon. Han hadde sin styrke i hoppbakken, og ville no bli betre i langrenn. Dermed auka han treningsmengda i skisporet vesentleg.

- Eg trena mykje, men ikkje rett. Eg vart noko betre i langrenn, men det gjekk for mykje ut over hoppinga, forklarer Ure Søtvik. Sist sesong kom han aldri mellom dei ti beste i eit kontinentalcuprenn og fekk ikkje starta i verdscupen. Heilt på tampen redda han sesongen med å ta NM-sylv på sprinten.

No ligg han alt langt framfor fjoråret med 3. plass i kontinentalcupen og deltaking i verdscupen på Lillehammer nyleg. Der måtte han rett nok ta til takke med 41. og 51. plass.

- På nyåret vert det igjen kontinentalcup i Høydalsmo, Kuusamo og i Estland. Er eg mellom dei tre beste samanlagt i desse tre renna, har eg kvalifisert meg til plass i verdscupen. Men eg ser heller ikkje bort frå at eg kan få sjansen i verdscupen før det. Det er fleire på landslaget som slit, så eg må vera klar og gripa dei sjansane eg får.

Jol på Voss

No reiser kombinertløparen heim til familien på Vossestrand for å feira jol.

- Det skal bli godt å koma heim no. Eg har ikkje vore heime sidan august. Og det er ekstra kjekt å reisa heim etter å ha fått eit så bra resultat som eg fekk her i Klingenthal, seier Sindre Ure Søtvik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.